Laugsand støttar Borten Moe

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I valkomiteen fremma Erling Laugsand Senterungdommens syn om at Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim bør bli ny nestleiar i moderpartiet, men til NRK fortel leiaren i Senterungdommen kven han personleg ser at får nestleiarvervet.

– Me har tre dyktige kandidatar til nestleiarplassen. Eg personleg støttar Ola Borten Moe sitt kandidatur, seier Laugsand, til NRK Trøndelag.

LES OGSÅ: Sp-ungdommen vrakar Borten Moe

– Delte meiningar
Valkomiteen la nyleg fram ei innstilling, der fleirtalet ville ha Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim som ny nestleiar. Laugsand var mellom dei som sat i denne komiteen.

– I valkomiteen har eg fremma Senterungdommens syn, om at Tvinnereim bør bli den nye første nestleiaren. Men det er delte meiningar om dette i partiet, seier ungdomspolitikaren.

LES OGSÅ: Borten Moe må kjempa om nestleiarvervet

Framtid med Borten Moe
Laugsand meiner partiet bør tenkje nytt etter åtte år i regjering, og at Borten Moe er ein politikartype Senterpartiet vil ha trong for framover.

Han vonar at det vert ro i partiet når eit val er gjort på det ekstraordinære landsmøtet 7. april.

– Det er brukt mykje tid og ressursar på å diskutera personar. Framover er det stort behov for å diskutera politikk, i staden for å slåss internt, meiner Laugsand, som trur at partiet vil samla seg om dei som vert vald inn i toppleiinga.

LES OGSÅ: Ni fylkeslag vil vrake Borten Moe