Fram til årsskiftet fekk barn som er fødde med for få tenner dekt behandlinga av staten. Det har det no blitt endringar på.

NPK
NPK

Rundt seks prosent av norske barn blir fødde utan anlegg for å få alle tennene i tanngarden. Som oftast manglar dei ei fortann eller ein av dei små jekslane. Det betyr at desse barna får eit ope hol mellom tennene når mjølketennene fell bort, fortel Bergens Tidende.

LES OGSÅ: Trening kan gje syreskadde tenner

Trygdefinansiering av tenner
Fram til årsskiftet dekte staten utgiftene med å få laga nye tenner. No vil staten berre dekkja utgifter til nye tenner for folk som manglar meir enn to tenner eller ei fortann. Folk som manglar ein eller to jekslar lenger bak, får ikkje støtte.

– I utgangspunktet skal tenner ikkje trygdefinansierast. Difor blir det berre ytt stønad til behandling av tannutviklingsforstyrringar som har mykje å seia både for funksjon og estetikk, seier overtannlege Per Lüdermann i Helsedirektoratet.

Han meiner at unge som manglar ei eller to tenner ofte kan retta på dette med tannregulering og seier dette langt på veg er dekt av det offentlege for folk under 20 år.

LES OGSÅ: Tannsjokk for ungdom

Tannlegemotstand
Tannlege Kjell Størksen ved kjevekirugisk poliklinikk ved Haukeland universitetssjukehus, som har behandla ungdom med tannmangel i fleire tiår, reagerer derimot sterkt på den nye regelen om ikkje å gje full støtte til ungdommar som er fødde med slike tannmanglar. Også Tannlegeforeininga har klaga på vedtaket.

Størksen peikar på at tannmangelen er arveleg og meiner nokre familiar no ikkje vil ha råd til den dyre behandlinga. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.50

Kommentarar

ANNONSE