Vil ha sjølvdanning som valfag

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kontakt med ein klok voksen er eit betre verkemiddel enn store kampanjar for å få ungdom til å slutte å ruse seg, meiner forskar Anne Juberg ved NTNU. Ho tek no til orde for at det bør innførast valfag i sjølvdanning på vidaregåande skular, skriv forskingsnettstaden Gemini.no.

I doktorgradsavhandlinga ho nyleg avslutta, har ho snakka med 17 ungdommar som stod på vippen i livet. Det viste seg at dei såg ingen samanheng mellom si eiga negative åtferd med rus og vald, og konsekvensane det ville ha for framtida. Ungdommane visste at dei ikkje ønskte å bli rusmisbrukarar eller alkoholikarar, men dei visste samtidig ikkje kvar dei ville i livet.

– Dei søkte etter meining med tilværet. Desse ungdommane treng kontakt med ein klok voksen som kan reflektere med dei om livet i sin heilskap, seier Juberg til Gemini.

Forskaren fortel at det er viktig å snakke med ungdommane ut ifrå det språket og dei førestellingane dei har, samtidig som det er viktig å ikkje vere fordømmande.

– Foreldre kjem liten veg med å vere einsidig kontrollerande og konfronterande. Vegen går gjennom å byggje eit tillitsforhold slik at ein kan ha reflekterande samtalar basert på kvardagen til ungdommane, seier Juberg. (©NPK)