Hovudstups ned bakkane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Snøen ligg godt i Rauland. Brøytekantane er så høge at det er vanskeleg å finne fram, og det er mest uråd å sjå bygningar langs vegen.

Mange fann likevel fram til noregsmeisterskapen i airboard på Vierli laurdag. 27 deltakarar møtte opp for å tevle i den fartsfylte idretten.

Ein idrett i vekst
Airboard er eit brett som er fylt med luft, med ei hard underside med styreriller og veldig god glid. På toppen er det to handtak. Ved å skifte kroppsvekta frå side til side kan ein styre brettet.

– Dette er ein sport som er i vekst og den er veldig populær i Sveits, seier Helge Jenssen ved Vierli skisenter.

Løypa på Heimvegli går for å vera Nord-Europas største med omtrent 1200 meter lengde og eit fall på kring 200 meter.

Farten nedover løypa har blitt målt til over 90 kilometer timen på det høgaste. Det går med andre ord radig nedover. I gjennomsnitt brukar ein 1,5 minuttar ned. Og det er ein av dei sportane det er ein fordel å ha tyngda på si side. For dess tyngre ein er, dess fortare går det.

Difor blir det delt opp i vektklasser under konkurranse. Det var fem forskjellige i helgas NM. Utøvarane måtte møte opp tidleg for å bli vegne, og for å eventuelt få eitt par rundar i løypa.

Luftig start
Startpunktet for løypa ligg på 1100 meter over havet og laurdag var sol, men kraftig vind. Det førte til litt snøskavlar i løypa, men det skremte ingen. I fullt firsprang la dei i veg nedover og heiv seg på puta når farten var høg nok.

Ein kameratgjeng frå Oslo hadde meldt seg på, og stemninga var på topp.

– Me er på besøk hos ein kamerat, og sidan det var NM her i helga meldte me oss på. Det er jo kjempemoro, var dei einige om.

To av kameratane kunne feire andre- og tredjeplass i noregsmeisterskapen.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!