Det magiske lyset

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den argentinskfødde biletkunstnaren stiller ut i Basement. Utstillinga ber tittelen «Switch off, Turn on – an exhibition in the dark»,opnar i fredag kveld og skal stå til 6. april.

Kvaliteten i lyset
– Det starta med at eg merka meg at fargane tek til å pulsera og vibrera når det mørknar. Det har meir med lyset enn med fargane å gjera; eit varmt lys gjev varme fargar, eit kaldt lys gjev kalde fargar.

Vanesa sin fascinasjon for lys og fargar har ført henne inn i eit studium av korleis ulike fargar opptrer i ulikt lys, kva som fungerer og kva som ikkje fungerer.

– Det fungerer perfekt i naturleg lys, så eg er spent på korleis det vil fungera i Basement – utan dagslys. Men eg trur me skal få det til, seier Vanesa optimistisk.

At van Vlerken sine bilete fungerer optimalt i naturleg lys, gjer kunstnaren også optimistisk med tanke på at dette er ei salsutstilling.

– Folk har vel naturleg lys dei fleste stader i husa sine?

Fargekombinasjon
Når Vanesa van Vlerken skaper kunst, lagar ho først ein liten teikna original med syltynne linjer, som ho så projiserer på eit større lerret. Så kopierer ho alle detaljar nitid og nøyaktig, med pensel. Eit tidkrevjande arbeid.

Det fyrste som slår ein er dei reine, klare og bortimot skarpe fargane ho brukar. Her er ingen sjatteringar eller glidande overgangar.

Fargeflatene er skarpt avgrensa. Fargebruken er heller ikkje tilfeldig.

3D-teikningar
– Forholdet mellom fargane er viktig. Nøytrale og like fargar fungerer ikkje så godt.

Det mest særmerkte på utstillinga er Vanesa si nyskaping, tredimensjonale teikningar. Tynne strenger med smelta plast utanpå framstår som «sjølvlysande » og frittståande skulpturar når dei vert lysette på rette måten. Noko slikt har Vanesa aldri stilt ut før.

Eit anna spesielt element på utstillinga er den svarte kassen, der store og små kan kika inn gjennom små spalter og finna bileta innanfor. Heile langveggen i Basement er kledd med svart lerret, og stemninga i rommet vert tett, intim og «’round midnight».

Det siste er eit poeng for Vanesa. Kjensla av at dagen går mot kveld og at alle natta sine meir eller mindre skumle skapningar dukkar fram, er viktig.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!