Norske spelutviklarar fekk BAFTA

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fekk BAFTA før lanseringa

DOS Studios består av Mattis Delerud, Lars Andersen, Silje Dahl, Trond Fasteraune og skotten Nick La Rooy, og har utspring frå IT-høgskulen NITH i Oslo.

LES OGSÅ: Her kan du game i skuletida

Vann før lanseringa
«Size DOES Matter» er ifølgje utviklarane ei blanding av Tetris og Guitar Hero, der du styrer ein liten bit gjennom hindringar av forskjellige storleikar. Jo betre biten passar med opninga, jo fleire poeng får du. Musikken er av norske artistar som Eirik Suhrke, Savant og Philter.

Spelet er framleis ikkje gitt ut, men planen er at det skal bli utgitt innan eit par månader.

– Det gir oss den siste motivasjonsboosten vi treng før lansering, og når det gjeld promotering så er det ei stor moglegheit for oss. Berre det å stå på scena framfor ein samla spelindustri og masse publikum er stort for oss, seier Mattis Delerud til E24.

British Academy of Film and Television Arts (BAFTA) er kanskje mest kjent for å dele ut prisar innan film og fjernsyn, men sidan 2004 har dei også hatt ei eiga spelprisutdeling. (©NPK)