Når skulen ikkje fungerer

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ærlege bøker om norsk skule er ofte ei frygd å lesa, endetidsforteljingar plar vera det. I den vidaregåande skulen er det no friviljug oppmøte, ingen krav, berre rein glede og trivsel. Kvar einaste dag sit titusenvis av norsk ungdom i sin beste alder og chattar med vener på Facebook, Instagram, Snapchat og kva dei no heiter, alle desse nye læringsverktya Utdanningsdirektoratet har så stor tru på.

Dette kan ikkje vera sant, tenkjer vel ein del av dykk som les no, men det er faktisk sant. I boka Det store skolesviket dokumenterer lektor Karl-Eirik Kval det heile. Det er ikkje utan grunn at ingen som tok den lettaste matematikken på studieførebuande line i 2012, fekk karakteren 6, medan 67,3 prosent strauk eller fekk dårlegaste ståkarakter.

– Klart vi står føre ei storstila privatisering av norsk skule; læringstrykket er fjerna, og mellomlaga kjem ikkje til å akseptera utviklinga, seier Kval.
Men det gjer Utdannings­direktoratet. Sumaren 2010 sende byråkratane der ut eit nytt rundskriv, denne gongen var skrivet berre på 95 sider og skulle «klargjøre bestemmelsene i forskrift til opplæringslova når det gjelder individuell vurdering i grunnskolen og videregående opplæring».

Der stod det slikt som at «mang­lende deltakelse eller manglende innleveringer kan ikke trekkes inn i vurderingen», og «heller ikkje innsats i faget skal trekkes inn i vurdering i fag». Rundskrivet kom som eit svar på at lærarane ikkje heilt visste kva dei skulle gjera etter at det same Direktoratet hausten før hadde kravt at skular med fråværstak på 15–20 prosent fjerna grensa, sidan praksisen ikkje var heimla i noko regelverk.

Ja då, det er sant, kvart einaste ord.

LES OGSÅ: Fleirtal seier nei til privatskular

Kampen mot vindmylnene
– Det er kanskje eit rart spørsmål, men kvifor orkar du å skriva denne boka? IKT, kommunane, lønssystemet, Utdanningsdirektoratet, pedagogane… Det verkar heilt umogeleg å få gjort noko med dette trollet?

– Vel, eg vil ha nye råmer, eg vil endra råmene, og det har eg ei naiv von om at skal vera mogeleg. Eg ynskjer berre å få endra litt. Tenk om vi til dømes fekk lov til å kunna senda ein SMS til foreldra med merknader og fråvær. Berre det ville ha betra situasjonen ein god del.

– Men du skriv sjølv at denne skuleforma er tilpassa borna til foreldre med god utdaning. Kvifor skal vi bry oss då?

– Ja, skulen er tilpassa dei ressurssterke, men han er likevel ikkje særleg god. Også flinke born ville ha godt av ein betre skule. Eg skriv denne boka for å visa at vi kan få ein mykje betre skule, at alle kan tena på ein betre skule. Vi har no skapt eit system som legg til rettes for unnasluntring og underyting. Men ja, dette systemet råkar særleg dei elevane som har dårlege føresetnader med seg heimanfrå.

No er det ikkje noko nytt at norsk skule har vorte stadig verre, men det ser ut til å vera eit uomtvisteleg faktum at det har vorte mykje verre dei seinaste fem–seks åra. Det syner også privatiseringsstatistikken eller privatiststatistikken. Stadig fleire tyr til privatgymnas for i det heile teke å få eit vitnemål frå den vidaregåande skulen. I 2007 var 17.000 melde opp til privatist­eksamen i Oslo, i 2012 var det same talet 46.000. 46.000 brukar altså no svært mykje pengar på å læra det dei skulle ha lært, og samfunnet går glipp av store skatteinntekter gjennom tapte arbeidsår.

LES OGSÅ: Privatskuleelevar får betre karakterar

Tre forklåringar
Det er særleg tre aspekt eller hendingar Kval dreg fram for å forklåra den særskilt uheldige utviklinga dei seinaste åra, og alle hende i 2009–10. 1) Kravet frå Kunnskapsløftet om at datamaskiner skulle nyttast i alle fag, slo inn for fullt. I det skuleåret hadde datamaskinene vorte så mange at IKT-kompetanse som eit sentralt kompetansemål reelt sett vart mogeleg. 2) Sluttvurderingsprinsippet vart innskjerpa. Alle fekk rett til å få endra standpunktkarakter heilt til siste slutt utan at innsats og oppmøte var relevant, og 3) fråværstaket vart altså fjerna.

– Frå då vart den autonome eleven ein realitet. Skulen miste alle sanksjonar, og alt vart no opp til den indre drivkrafta til eleven. Som avdelingsleiaren min sa det til meg: «Frå no av kan elevane gjera som dei vil så lenge dei ikkje uroar medelevar.» Om dei fylgde med på undervisninga eller løyste oppgåver, var ikkje opp til meg å avgjera.

Særleg mykje plass nyttar Kval til å skriva om IKT. PISA-granskinga syner at norske femtenåringar har best tilgang på PC-ar i heile OECD-området. Det er òg vanlegare at elevar i Noreg nyttar internett oftare enn elevar i andre land til å vera på sosiale medium og surfa. Som professor i IKT og læring Lars Vavik skriv i ein kronikk: «En stor prosentdel av elevene i Norge sier at de mister fokus på skolearbeidet når de bruker digitale hjelpemidler på skolen. Dette er den faktoren hvor forskjellen er størst
mellom Norge og Finland.» Og Finland har altså verdas beste skule.

– Eigendynamikken har vorte så sterk, det hjelper ikkje at resultata er dårlege. Når ein har kjøpt 250.000 datamaskiner, så er dei der. I staden for å spørja fyrst om vi treng datamaskiner, og kva dei eventuelt skal nyttast til, så vel ein fyrst å kjøpa og så å tenkja. Og ingen har lyst til å gå ved at mange milliardar er bortkasta, og då må dei takast i bruk.

– Det du seier, er at eit ukjent tal reformer som politikarane har stått i spissen for, heilt attende til Reform 94, er mislukka. Men kjenner du til at reformer har vorte reverserte?

– Nei, sjølvsagt gjer eg ikkje det. Både du og eg veit at prestisje kjem i vegen for alt slikt. Men alt eg bed om, er nokre enkle justeringar: oppmøteplikt og mindre data og nokre sanksjonar, og eg skal vera nøgd. Er det elles så mykje å be om at vi ikkje tek i bruk nye læringsmetodar før vi veit om dei har effekt? Mest ingenting av det nye vi gjer i norsk skule, er basert på forsking, det er berre nokre såkalla glupe idear frå dei tilsynelatande kloke hovuda i Utdannings­direktoratet som vert pressa på oss lærarar. Desse menneska har
inga røynsle frå skulen, men dei veit altså kva som er best for oss og elevane. Det er eit stort problem.

Lærarorganisasjonane
– Som så mange lærarar før deg rettar du skytset utover. Det er den politiske makta, den pedagogiske makta, den byråkratiske makta som får skulda. Men kva har lærarorganisasjonane gjort? Jau, dei har masa om stadig fleire lærarar og stadig fleire medlemer samstundes som dei har gått med på alt av reformer?  

– Eg skal gå ved at du har eit godt poeng der. Det har knapt vore open motstand, men som vi lærarar plar seia: «Det finst ikkje den reform som ikkje kan tilpassast undervisningsopplegget mitt.» Mange saboterer i det stille, men det er ingen tradisjon mellom lærarar for opprør, samfunnsånda er svært sterk.

– Men de er då ei kunnskapsgruppe? Lækjarar og advokatar ville aldri ha akseptert at andre koloniserte deira profesjon. Når lærarorganisasjonane vil at alle skal kunna verta lærarar, går vel kvaliteten ned?

– Eg er heilt samd, utviklinga har vore særs uheldig, og det er tragisk at vi ikkje har oppført oss som Legeforeningen. Lærarorganisasjonane har konsekvent gått inn for mindre klasser, fleire lærarar og flest mogeleg lærar­utdanningar. Vi har skote oss sjølve i foten.

Dei seinaste femten åra har 70 prosent av dei som har byrja på lærarskulane, ikkje hatt 4 eller betre i både norsk og matematikk. Kval har ikkje tru på at dette vil betra seg i særleg grad. Grunnen er KS og kommunane som i 2003 tok over ansvaret for lønsfastsetjinga av lærarane. Kommunegjeld har etter det berre eksplodert og aukar dramatisk grunna folketalsauken i Noreg.

– Kommunane i Noreg er i praksis bankerotte, dei får berre dårlegare og dårlegare råd. Samstundes er lærarane ei av dei største yrkesgruppene i Noreg. Då vert det heilt uråd å heva løna, det kostar berre for mykje. I tillegg kjem det at Kommune-Noreg ikkje har nokon sjølvstendige tankar om kva som gjev best rekruttering, og kva som skal til for at dei skal lyfta prestisjen til lærarane. Dei ser rett og slett ikkje på skulen som eit samfunnsområde som er viktig; dei er opptekne av å spara pengar og få nok til eldreomsorga som berre krev meir og meir ressursar. Eg forstår logikken i å overføra ansvaret til det leddet som hadde ansvaret, men resultatet er katastrofalt. I alle år etter 2004 har lærarane kome dårlegare ut av lønstingingane enn gjennomsnittet i samfunnet elles.

Tolv veker på tre år
– Tilbake til privatiseringa. Det offentlege har bygt såkalla IB-ut­­daningar og satsar stadig meir på å gje flinke born tilbod høgre oppe i utdaningslaupet. Er det så sikkert at vi får privatisering?

– Eg er heilt, heilt overtydd om at privatiseringa kjem, og at ho vert stor. Den viktigaste grunnen til dette er at elevane med null motivasjon har vorte så utruleg mange at dei øydelegg for dei som vil arbeida. Læringstrykket i særleg studieførebuande retning er no så lågt at det langt på veg er fjerna. Foreldre med god utdaning og pengar kjem ikkje til å finna seg i dette i lengda. Det er sjølvslutta. Fyrst får vi privatisering, så får vi kommersialisering, og så vert privatskulane så rike at dei tilbyd dei beste i den offentlege skulen mykje høgre løn. Og då er spelet over.

– Men kva er det desse privatgymnasa får til som ikkje den offentlege skulen får til? Om du går inn på heimesidene til Sonans, så ser du at dei garanterer ståkarakterar og forbetringar, eller så får du pengane att.

– Ja, på tolv veker får du ein god nok karakter til å koma inn på høgre studium. Det fortel alt om den offentlege skulen. På tre månader får dei til det som vi ikkje får til på år. Elevane har surra rundt i eit offentleg system, og så på tolv veker tek dei att det dei skulle ha lært. Slik går det når du fjernar læringstrykket. Vi kastar bort masse pengar, og så gjev vi privatgymnasa høve til å tena store summar.

Saka var først publisert i Dag og Tid.