– Kvart einaste ord tel

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Veldig mange føler dei må unnskylde eller forklare dikta sine, seier Rania Broud i studentteateret Immaturus i Bergen.

I desse dagar samlar ho på dikt. Alt frå lange dikt på tjue linjer til haikudikt skrivne i åttande klasse. Alt frå kjærleiksdikt til depressive dikt og dikt om kor irritert ein er på kassadama på Rimi.

Eit dikt om Utøya 22. juli er òg kome inn. Ho vil ha alt. Folkets stemme.

LES OGSÅ: Elevsamtalen på scenekanten

Donasjonar til scenen
Desse diktdonasjonane skal vere utgangspunktet for ei sceneframsyning med to til tre skodespelarar i april.

Ideen til prosjektet kom ein gong ho var på poesikveld arrangert av studentteateret Immaturus, der ho sjølv er aktiv i skrivegruppa.

– Den eine etter den andre leste opp tekstar dei hadde skrive sjølv, eller favorittdiktet av ein annan. Det danna seg bilete i hovudet mitt og eg tenkte at det er så mange talentfulle folk der ute.

Då dukka frasen «Donér et dikt» opp i hovudet hennar.

LES OGSÅ: Ikkje gravalvorleg poesi

Etterlyser fleire
Då Framtida snakka med ho hadde Broud fått inn rundt ti dikt. Nynorskprosenten er høg og gjennomgangstemaet er kjærleik.

Kvifor nynorsk dominerer er ho ikkje sikker på. Ho har inntrykk av at det er fleire som skriv dikt i vest enn i aust.

– Nynorsk er eit veldig lyrisk språk, og det er vakkert å framføre, meiner Broud.

Ho har sjølv skrive dikt sidan ungdomsskulen, men tenkjer ikkje å nytte sine eigne i framsyninga.

Draumen er å få inn tusen dikt frå folket, slik at ho kan velje å vrake. Tanken er å engasjere publikum i forkant av stykket.

–Det er fint om du kan få fram at det berre er å sende inn, seier diktsamlaren.

Dømmer ingen
Til no har dei fleste sendt inn gjennom privatmeldingar på Facebook, nokon har posta offentleg på veggen, medan ingen har sendt inn til epostadressa doneretdikt@gmail.com.

Dei som skriv på veggen er heilt opne, medan nokre presiserer at dei vil vere anonyme.

–Ein observasjon eg har gjort er at folk set avgrensingar for seg sjølv. Eg trur det er fordi dikt ligg veldig nært. Ein eg kjenner sa at: Eg skulle gjerne ha bidrege, men dikta mine er så depressive, fortel Broud, som gjerne vil ha både glade og triste dikt.

Ho får spørsmål om kva som er for langt og kva som er for kort. Då Studentradioen i Bergen skreiv eit dikt til ho i samband med at ho var i studio, forklarte dei før opplesinga at diktet var skrive i full fart, litt på “kødd”.

Det er ikkje berre, berre å levere frå seg dikt.

– Men eg vil berre ha orda, og kjem ikkje til å leike hobbypsykolog om kva du tenkte. Eg dømmer ingen, forklarar Broud.

Ho har allereie funne ein favoritt mellom dei innsendte dikta, som tilfeldigvis er skrive på nynorsk.

– Det er kjærleik det handlar om. Det er enkelt skrive, men seier likevel veldig mykje. Og dei bileta diktet skapar, det er alt eit dikt skal vere. Det er dei bileta eg treng, seier Broud, og legg til:

– Det er som med innsamlingsaksjonar der kvar krone tel: Kvart ord tel.

Faktaboks

Immaturus

• Noregs største studentteater

•  Oppretta i 1990

•  Held til i Fosswinkelsgate 7 i Bergen

•  Med rundt 100 medlemmer er det den største driftsorganisasjonen på Det Akademiske Kvarter

•  Teateret produserer mellom fire og seks hovudproduksjonar i året, i tillegg til fleire mindre arrangement

•  Byrja med mikroprosjekt førre semester

•  Har fleire gonger samarbeidd med Den Nationale Scene

Kjelde: Immaturus, Studvest