Forbrukarrådet ber folk byte bank
Slik byter du bank enkelt og greitt!
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ber folk byte bank
Forbrukarrådet meiner bankane har vorte altfor grådige og ber innstendig kundane om å bruke forbrukarmakta si.
Fredag stod folk frå Forbrukarrådet på stands i byar over heile Noreg for å oppfordre folk til oftare å byte bank- og forsikringsselskap.
Forbrukardirektør Randi Flesland er uroa over utviklinga i banksektoren, og seier meir bevisste forbrukarar er nødvendig for å få betre vilkår.
– Vi ser at bankane tillèt seg å betale altfor lite for pengane folk set inn i banken, samtidig som dei tek ei altfor høg betaling for pengane dei låner ut. Dette kan dei gjere fordi vi som kundar er altfor lojale. Det gjer at det ikkje er nokon sunn konkurranse mellom bankane i dag, seier Flesland til NTB.
Ho peiker på at alle bankane hadde rekordoverskot i fjor.
– Det viser at vi som kundar betalar for mykje og at det ikkje er ein sunn konkurranse, seier Flesland.
Ho ber folk gå innom finansportalen minst annakvart år for å samanlikne tilbod og prisar.
– Her er det mange tusenlappar å spare eller tene, berre ved nokre få tasttrykk, seier ho. (©NPK)