Operasjon Dagsverk til likestilling

Årets Operasjon Dagsverk går til eit likestillingsprosjekt for Utviklingsfondet i Malawi og Etiopia.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får Operasjon Dagsverk

Elevtinget har bestemt at årets Operasjon Dagsverk skal støtte Utviklingsfondets prosjekt i Malawi og Etiopia. Desse prosjekta jobbar med likestilling blant ungdom, og skal gå over dei neste fem åra. Prosjektet skal hjelpa 34.000 ungdomar i Malawi og Etiopia til å ta kontroll over sine eigne liv.

– I Etiopia og Malawi står liva til jenter i stor kontrast til kvardagen blant jenter her i Noreg. Dei færraste jentene fullfører grunnskulen, og som resultat kan mindre enn éi av fem etiopiske kvinner lesa og skriva. Mangel på utdanning fører til at jenter ikkje får deltatt i samfunnet på lik linje med gutar, og det er dessutan vanskeleg å koma seg ut av fattigdom utan utdanning, seier Kari Helene Partapuoli, leiar i Utviklingsfondet i ei pressemelding.

Elevar ved 350 skular har stemt fram prosjektet.

– Prosjektet gjev Utviklingsfondet høve til å skapa merksemd om manglane til jenter på rettar i Etiopia og Malawi, som i seg sjølv kanskje er verd meir enn dei 30 millionane som me forventar jobba inn. Gjennom 50 år har OD hatt utdanning som eit verkemiddel for å skapa ei meir rettferdig verd. Dermed går prosjektet inn i ein stolt og lang tradisjon, seier Martin Gukild, leiar for Operasjon Dagsverk.

Les fleire saker om Operasjon Dagsverk her!