Meiner kvinnemangelen i fylket er kritisk
– Største politiske utfordringa i Møre og Romsdal, seier fylkesvaraordføraren.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
- Kritisk mangel på kvinner
Fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde (V) seier til NRK Møre og Romsdal at mangelen på kvinner i fylket er den største politiske utfordringa.
Møre og Romsdal er det fylket i landet som har færrast kvinner i alderen 20-39 år. Ved inngangen av 2013 var det 89,9 kvinner per 100 menn i denne gruppa. Landssnittet ligg på 95,1.
Ja til ny periode
Gunn Berit Gjerde har sagt ja til fire nye år i fylkespolitikken, og ho er ikkje i tvil om at den største utfordringa blir å få fleire kvinner til å busette seg i Møre og Romsdal.
Ho meiner fylket mister dei unge flinke kvinnene som skaper eit spennande fylke. Dei reiser ut for å utdanne seg, og kjem ikkje tilbake.
Ein viktig nøkkel for å få dette til, blir å gjere noko med høgskulesystemet, slik at fleire studerer her i fylket, meiner ho.
Faktaboks
I aldersgruppa 20-29 er det berre i Oslo der det er eit fleirtal av kvinner. I aldersgruppa 30-39 år er det berre i Akershus der det er eit fleirtal av kvinner i Noreg.