– Fleire jenter burde bokse

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Juniorboksaren og den tidlegare NM-vinnaren gjorde nyleg comeback etter halvanna års pause. No trenar ho meir enn nokon sinne, og har som mål å bli juniornoregsmeister. Cecilie har nok bokseinteressa frå far sin, Trond Åsmund Sandnes. Han var sjølv aktiv boksar til han var 34 år gammal. Han fekk 52 kampar i ringen, og vart seniornoregsmeister i sin vektklasse i 2001. 

Sandnes er i dag trenar og formann i den ferske bokseklubben Heiane bokseklubb. Klubben vart starta opp i august i fjor. og har faste treningar tre dagar i veka på Vikahaugane sportssenter på Stord.

Ni kilometer
I dag går Cecilie på Tveit vidaregåande skule i Nedstrand. Ho byrja som boksar som niåring og var nyleg attende i bokseringen etter halvanna års pause.

Ho fortel at det er tyngre å hevde seg som junior enn det var å bokse i yngre årsklassar. Skal ein hevde seg som junior i eit noregsmeisterskap krev det meir trening. Difor trenar ho også meir no enn før.

– Me har treningsrom på skulen, og eg trenar litt kvar dag. Eg spring ei løype på 3.000 meter to til tre gongar i veka. I tillegg trenar eg litt boksing mot pute i vekene og er på boksetrening på Stord på fredagane.

Cecilie møter Bømlo-nytt saman med pappa og trenar Trond. I vinterferieveka er sportssenteret på Vikahaugane stengt, så dei låner treningslokale på jobben til Trond, Bømlo vatn- og avløpsselskap i Hollundsdalen. Med på trening er også Tone Bjørkheim (25). Ho byrja bokse då Heiane bokseklubb starta opp.

Fem bømlingar er med
Sandnes fortel at det på det jamne er ein stad mellom fem og ti personar med på trening på Vikahaugane. Av dei ti er halvparten bømlingar. 16 år gamle Cecilie er yngst. Sidan halvparten er bømlingar ser ikkje Sandnes bort frå at det hadde vore grunnlag for ein eigen bokseklubb på Bømlo. Men inntil vidare held Heiane bokseklubb fram som i dag. Dei tek gjerne imot fleire på trening.

– Kva aldersgrense er det for å bli med i bokseklubben?

– Dei bør ha byrja på skulen. Cecilie er jo yngst hos oss, så om dei er i barneskulealder bør dei gjerne byrje minst to saman så dei har nokon å trene saman med, seier Sandnes (teksten held fram under biletet).

Cecilie Aga seier det er både kjekt og sosialt på boksetrening.

Spennande å følgje Brækhus
Men kvifor byrja Cecilie å bokse att? Ho seier det var eit sakn å ikkje halde på med boksing. Ho fortel at dette er både kjekt og sosialt. Ho har fått mange nye vener som boksar. 

Hestesport er den andre store hobbyen hennar. Heime på Aga har dei stall og hest, og ho har halde på med riding sidan ho var sju-åtte år gammal. Dagen etter denne boksetreninga skal ho delta på sprangriding på Stord med sin nederlandske varmblodshest «Spirit».

– Ingen gutesport
– Har du nokon gong blitt skadd i bokseringen?

– Det har blitt nokre blåmerke og litt naseblod. Det går fort over. Du får meir skader av å drive med sprangriding enn med boksing. Når du boksar blir du veldig godt passa på, både på trening av trenarar og i kamp av dommarane. Dette er ingen brutal sport. Dommaren byrjar telje med ein gong nokon blir slått ut. Det er dei strenge på. Fleire jenter burde drive med boksing. Mange trur det er ein rein gutesport, men det er det jo ikkje, seier ho. Eit godt døme på det er noregs beste boksar, verdsmeister Cecilia Brækhus.

– Eg har sett nokre av kampane hennar på dataen. Det er kjekt å sjå når ho boksar. Kjekt å sjå korleis andre boksar, smiler Cecilie. Ho har halde foredrag om proffboksing og synt film då ho gjekk på skule i Rubbestadneset. Om ikkje lenge skal ho ha boksing i ein gymtime på Tveit vidaregåande skule, med god hjelp av klassevenninne Linda Aksdal. Cecilie har lært ho litt boksing.

Trur ho held fram
– Trur du at du held fram med boksing når du blir eldre?

– Ja, når pappa er trenar trur eg at eg vil halda fram. Det er godt miljø i klubben, og det er kjekt å få nye vener, seier Cecilie. Pausen er over og på ny er det boksing mot pappa Trond. Han seier boksarane må røre på seg, ikkje stå stille (teksten held fram under biletet).

Trenar Sandnes og Cecilie Aga på trening i lokalene til BVA.

Spent i comebacket
I februar tok altså Cecilie på seg tannbeskyttaren, boksehjelmen, bokseshorts, boksesko og boksetrøye. Ho var attende i ringen.

– Korleis var det å vera attende etter halvanna år?

– Eg var spent. Når eg går i ringen stengjer eg ute alle lyder rundt meg. Eg blir litt irritert sidan ingen heiar, men eg ser jo på filmar av kampane at det er mange som heiar. Det høyrer eg ikkje når eg er i ringen. Eg møter sikkert på Michaela igjen neste år. Det er ein kjekk sport.

Juniormeister
Cecilie seier målet hennar er å bli juniornoregsmeister. Ein er junior frå det året ein fyller 17 til det året ein fyller 19. Ho har dermed tre år på seg til å bli noregsmeister. Som fyrsteårs junior møter ein gjerne boksarar som eldre enn seg, og ein dyktig motstandar Cecilie kan få bryne seg mot er nordisk meister Hanne Ulvund som er eitt år eldre enn Cecilie. Men no får ikkje Cecilie lenger minuspoeng for å slå for hardt.

– Kan hende skal eg delta i Askim Cup 15. og 16. mars. Me får sjå. Det kjem litt an på om det er jenter å bokse mot. Eg har ikkje lov til å møte gutar lenger (teksten held fram under biletet).

Cecilie Aga trener kvar dag. Målet er å bli juniornoregsmeister.

LES SAKA I BØMLO-NYTT!

Faktaboks

Seks år i bokseringen

• Cecilie Aga frå Aga byrja for alvor med boksing i niårsalderen, og ho har vore med i fleire stemne og noregsmeisterskap.
• I 2009 fortalde Bømlo-nytt at den gong 11 år gamle Cecilie skulle bokse i eitt av verdas største boksestemne, Angered Box Cup i Göteborg. Her kom ho heilt til semifinalen, der det vart tap for engelske Cristal Barker.
• Året etter boksa ho i Skarnes Cup i Skien. Sidan det var vanskeleg å finne motstandarar i hennar 42-kilosklasse enda ho opp med å bokse mot ein tre år eldre gut i 45-kilosklassa. Det vart knapt poengtap.
• Ein av dei tøffaste motstandarane Cecilie har i Noreg er Michaela Karlsen frå Raufoss bokseklubb. I mai 2011 gjekk Cecilie til NM-finalen i 48-kilosklassen. Cecilie enda opp med å tape kampen knapt med to poeng. Hovudårsaka til det var poengtrekk på tre poeng grunna det at ho slo for hardt.
• Men til slutt skulle det gå vegen. Hausten 2011 vart det endeleg NM-gull og siger mot nettopp Karlsen i Tønsberg.
• Etter ei pause på om lag halvanna år var Cecilie nyleg attende i ringen i NM. I semifinalen vart det tap, også denne gongen mot Karlsen. Trenar Sandnes sa i førre månad at Cecilie var litt rusten og hadde litt lite trening i kroppen, men la til at deltaking i NM gav meirsmak. No er målet å bli juniornoregsmeister.