St. Olav-komplekset – litterær oppvising

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ei litterær oppvising

Innan eg plukka opp den siste boka til Arild Rein, visste eg ikkje anna enn kva tittelen var. St. Olav-komplekset gav forventningar til noko som krinsa rundt Nidarosdomen og mellomalderen. Eit krim-mysterium lagt til Trondheim, kanskje?

Så feil kunne eg ta. Det som møtte meg da eg opna dei første sidene, var vel så langt unna som eg kunne komme. Vi blir kasta inn i ei dyster setting down under der hovudpersonen, Fritz Hellman, er som saksa ut av ein hardkokt narkofilm. Det er øl til frukost, doplanging og damer som ikkje masar om fortida. Då Hellman får melding om at faren er daud, set han seg på flyet for å reise til heimlandet han ikkje har vore i på tjue år. Destinasjonen er Stavanger.

Det er få menneske i boka. Når Fritz kjem til Noreg, er det som om dei blir enda færre, og stadig merkelegare. Ein skulle tru det var ein post-apokalyptisk by han var komen til. Alt er aude og daudt, det er skittent, folka er usle og fattige. Fritz prøver å finne ut kva som eigentleg er hendt med faren som døydde i ein eksplosjon under blokka der han budde. Men meir enn noko anna jaktar hovudperson på seg sjølv, i forsøket på å skjøne kva som skjer med han når verda rundt han ser ut til å smuldre opp.

Arild Rein er visstnok ein mediesky forfattar frå Stavanger, der han òg bur. Han har sidan debuten Hundedagane i 1998 skrive fleire romanar, samt eit lesestykke og eit filmmanus. Mest kjent er han for Stavanger-trilogien som dei tre første bøkene hans dannar. Det er ikkje noko glansbilete av heimbyen Rein då skriv om.

Fritz oppdagar at faren må ha vore ein heilt annan person enn han trudde. Leilegheita hans i det no avstengte St. Olav-kvartalet er som ein bunkers, med hermetikkforråd til å overleva ein krig. Dessutan finn han eit rasande lesarinnlegg skrive av faren: «Kven var denne Lauritz Nielsen, faren hans? Ingenting av det fyren hadde på hjartet, ville han nokosinne finna ut av. Det såg ut som om faren låg i krig. Svevde han rundt i si eiga psykotiske verd, eller var han ein del av noko større?»

Historia om faren blandar seg saman med minner frå Fritz si eiga fortid. Samstundes dukkar nokre merkelege personar opp. Den vakre Ruth Nord, som òg oppheld seg ulovleg i St. Olav-kvartalet, og seier ho var elskarinna til faren. Og ekteparet Arthur og Edith som reddar Fritz då han svimar av i snøkanten. Dei tek han inn i varmen og serverer middag, og minner mest om ein slags illusorisk heim à la dei Piken med svovelstikkene kika inn i. Men kva var det eigentleg med Fritz si historie som fekk han til å rømme landet den gongen for tjue år sidan?

Forteljinga løyser seg opp på same tid som ho blir meir og meir draumeliknande. Den umerkelege overgangen frå realisme til draum eller hallusinasjon er som ei glidande rørsle gjennom heile romanen. Det er god romankunst, det her. Det er destruktiv, tung lesnad, men det er fascinerande. Eg finn romanen sterkt filmatisk, scena er visuelle, dei er beskrivne med eit rått, ofte samanliknande språk: «Halvmånen hang over Stavanger tynn som svoren på ein gris, og vinden hadde blåst snøskyene innover mot Ryfylkeheiene, der jervane var i ferd med å dra opp flådde og drukna lam frå bekkar og vatn […]». Teksten er dessutom utforma som ei samanhengande masse, utan skilnad mellom dialog og brødtekst, og utan markering av avsnitt. Ei slik utforming gir boka eit messande preg, som byggar opp under det hallusinatoriske inntrykket, og gjer at alt i større grad flyt ihop.

Dette er ei bok der det ikkje er sjølve handlinga som driv boka framover, men utviklinga av det særeigne universet. Og det er heller ikkje handlinga i St. Olav-komplekset som seier meg noko. Det gjer den bisarre destruksjonsutviklinga Rein har skrive fram. Å lese denne boka er som å kjenne pust frå ein europeisk skrivetradisjon. Eg skulle berre ønske ho hadde stoppa fem setningar før.

Les fleire bokmeldingar her!

Faktaboks

Arild Rein
St. Olav-komplekset
Roman
140 sider
Samlaget