Ein ny vår. Igjen.

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø: Ein ny vår. Igjen.

Eg liker våren, og oppfører meg alltid deretter. Så snart PST har levert trusselvurderinga si og dopingskuldingane frå svenskane er inne, så feirar eg våren, spring ut i gatene med blomster i håret og drikk utepils, uansett temperatur og nedbørsmengd.

Eg ser dessutan alltid på våren som – ja, ein ny vår. Ein sjanse til å starte på nytt, bli betre. Mange startar nye og betre liv ved nyttårstider. Noko som er ein dårlig idé, sidan dei første dagane i det nye året som kjent helst skal nyttast til å betale rekningar og ligge i fosterstilling.

Men våren! Om våren er eg klar for å bli ny og betre. Våren er den tida på året då eg er mest mottakelig for velmeinte offentlige kampanjar og råd for eit godt liv. Derfor er det som regel om våren at eg sluttar med narkotika, mobbing og alt dette andre som eg gjerne driv med på vinterstid.

Det som er fint, er at det er på denne tida av året at Helsedirektoratet kjem med sine råd for korleis vi bør leve liva våre.

Årets råd kom denne veka. Og det er mykje av det vanlige. Et fisk og frukt. Ta tran. Slutt med alt dette saltet. Tren.

Direktoratet anbefaler dessutan at du bør bli litt sveitt minst to timar i veka. Det skal eg klare. Lett. Eg blir ofte sveitt berre eg tenker på alt eg ikkje har fått gjort.

Og så: I år er direktoratet veldig opptatt av at vi sitt for mykje stille. Det er ikkje nok å sveitte nokre timar i veka på fritida viss du sitt bom stille i kontorstolen i timevis kvar dag. Du bør komme deg opp av stolen nokre gonger i løpet av dagen, gå litt, vere i aktivitet.

Godt råd! Og det er vår, tida for å følgje gode råd.

Så eg begynner no med ein gong. Eg skal opp av stolen. Eg skal i aktivitet!

Straks tilbake.

 

Sånn. No er eg tilbake. Eg har nettopp jogga nokre rundar her inne på kontoret mitt. Kontoret er ikkje så stort, så det blei ganske mange rundar sjølv om eg berre jogga i eit par minutt. Så no er eg rett og slett ganske svimmel.

Skal vi sjå, kva var det eg skreiv om igjen? Eg var inne på noko. Eg hadde ein tanke. Noko om vår og ny start. Men det må då ha vore meir enn det? Eg husker berre ikkje heilt kva. Kanskje det hjelp å gå ein tur?

Straks tilbake.

 

Hei igjen. No er eg tilbake frå ein ørliten spasertur rundt kvartalet. Det er ingen tvil om at fysisk aktivitet hjelp. Eg kjenner meg mykje. Eg er ikke svimmel meir. Eg er derimot klissvåt, for det regnar kattar, hundar og ein heil del andre husdyr ute.

Eg må skifte.

Straks tilbake.

 

Sånn. Då har eg skifta. No kjenner eg meg ny og frisk og klar for å vende tilbake til arbeidet! Det er sikkert lurt å variere arbeidsstilling, så no sitt eg ikkje og skriv som eg gjorde tidligare. Eg står. Noko som nok er kjempesunt, men litt upraktisk, sidan skrivebordet framleis er like lågt som før, slik at det er litt vanskelig å nå ned til tastane. Så dte er mluig det bilr nokre trykfkiel. Men: Alt fro helsa!

Eit lite augeblikk. Straks tilbake.

 

Hei igjen. Måtte berre ta eit par situps. Og troll-i-eske. Artig uttrykk: Troll-i-eske. Kanskje eg skulle skrive ein tekst om artige uttrykk som folk burde bruke oftare? Sporenstreks. Slubbert. Skurkestrek.

Eller var eg i gang med å skrive noko anna?

Eg husker ikkje heilt.

Eg må ta meg ein tur.

 

Ah! Eg føler meg mykje betre no. Du verda så det hjelper å ta desse pausane og halde seg litt i aktivitet. Eg føler at eg allereie er betre, meir på plass, betre i stand til å gå i gang med dagens arbeid.

Kva no enn det var.

Eg er litt sliten, kjenner eg. Kanskje eg skal legge meg nedpå litt.

Straks tilbake.