Ove skaut breiflabb med salongrifle

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skaut breiflabb med salongrifle

Det var tirsdag ettermiddag at Thore Knarvik og sonen Oliver oppdaga den store fisken som låg og plaska i fjøra i Knarvik nord.

LES OGSÅ: Fanga verdas største breiflabb

Bygdecowboy, far og bestefar, Ove Knarvik, vart tilkalla. Han skjøna ifølgje sonen raskt at det ikkje var eit dyr som låg i fjøra, og var kjapp med å låsa ut salongrifla frå våpenskapet.

– Han hadde nemleg sett det same for mange år sidan, skriv Thore Knarvik i ein e-post til Nh.

LES OGSÅ: Litt for stor i kjeften

LES OGSÅ: Kjempebreiflabb i garnet

Bygdecowboyen lada salongrifla, fann breiflabbhovudet i kikkertsiktet og fyrte av. Då roa flabben seg ned, og ikkje lenge etter var den 18 kilo tunge fisken på land og flådd.

– Det heile likna den alligatorjakta ein kan sjå på fjernsyn frå USA, seier Thore Knarvik, som meiner dette må vera sjølve definisjonen på kortreist mat.

LES OGSÅ: Ein slik har du neppe sett før

Saka var først publisert i Nordhordland.