Forskar på krigsfangar

Unge forskarar ved Åmdals Verk oppvekstsenter (ÅVOS) er med i årets Nysgjerrigper. Elevane på mellomsteget vil gjerne finne ut kvifor det var ein russisk fangeleir i Vråliosen under 2. verdskrig. 

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei vil vite mest mogleg om fangane og oppmodar folk som har bilete, gjenstandar eller historier frå den tida om å ta kontakt.

«Nysgjerrigper, du som vil vite mer. Nysgjerrigper, nå blir vi fler og fler,» song elevane som er med i årets nysgjerrigper-tevling.

Årets Nysgjerrigper er ei forskartevling for skuleelevar i 1.–7. klasse, og for å vere med må dei vere ei gruppe på to eller fleire elevar. Og dei må forske på noko dei undrar seg over. Det er Forskingsrådet som står bak prosjektet.

LES OGSÅ: Stille elevar får lite hjelp i skulen

Russiske fangar 
– Me har lyst til å finne ut kvifor det var russiske fangar i Vråliosen under 2. verdskrig, seier 7. klassingen Mia Sæther Midtbø.

– Og me vil gjerne finne ut kor mange dei var. Me trur kanskje det er snakk om 25–30 personar, undrar Andrine Almén (6. klasse).

– Det hadde også vore interessant å vite om det var born og kvinner der, eller om det berre var karar, legg klassevenninne Thyra Wraa til.

Prosjektet starta sist haust, og det var eigentleg Tokke historielag som sette elevane på sporet når det kom til å velje tema. Historielaget hadde nemleg tenkt å finne ut litt meir om krigsfangane i Vråliosen, og slik fann elevane ved ÅVOS ut at dei ville forske på dette. Så har dei lova at historielaget skal få bruke materialet etter at prosjektet er ferdig.

Intervjuar eldre 
– Me har intervjua eit par eldre karar som hugsa litt frå tida då fangane var i Vråliosen, og me skal også snakke med fleire personar som me trur kan vite noko, seier Mia.

– Ja, det er bra viss me kan få nokon til å seie noko, legg 5. klassingen Are S. Midtbø til. 

Elevane har også stilt spørsmålet om kva mat fangane åt, og korleis dei fekk maten. Og dei vil gjerne vite meir om korleis fangane var kledd.

– Me vil rett og slett vite korleis dei blei behandla, og då må me nesten få vite det av nokon som hugsar dei, seier Mia.

Elevane har vore i kontakt med Falstadsenteret i Nord-Trøndelag. Senteret har mellom anna god oversikt over russiske fangar i Noreg under 2. verdskrig.

– Dei har også god oversikt over fangeleirar der russiske fangar var, men leiren i Vråliosen visste dei ikkje om, fortel Mia.

Elevane har forutan lærarane også fått litt hjelp av Gunsten Seltveit. Han er ein av fleire ressurslærarar som Forskingsrådet har knytt til seg, og som kan disponerast av skular som ynskjer å ta del i Årets Nysgjerrigper.

Imponert over elevane 
– Eg er imponert over lærarane ved ÅVOS som har motivert elevane til temaet, og eg er ikkje minst imponert over kor flinke elevane er til å formulere hypotesar, lage gode framstillingar på powerpoint, og å kontakte eldre folk for å få meir informasjon, seier Seltveit. 

– Og eg ser at dei er svært stolte over å finne ut ting som dei fleste vaksne ikkje veit noko om, eller i alle fall svært lite. Dei er forskarar med stor F, fordi dei går fram på same måten som ordentlege forskarar gjer. No blir det spennande å sjå om hypotesane deira stemmer, legg han til.

Prosjektet må vere ferdig til 1. mai, og dei unge nysgjerrigperane ivrar etter å vite meir.

– Men om noko veit noko om desse fangane, har bilete eller gjenstandar, så må dei kontakte oss på skulen anten vie telefon eller e-post, avslutta Mia Sæther Midtbø.

Saka var først publiert i Vest-Telemark Blad.