– Usunt å la jenter i tenåra lese dette

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Usunt å la jenter lese dette

– Eg trur eg sjølv hadde takla alvorlege hendingar i eige liv annleis, om eg ikkje hadde hatt slike negative førebilete, seier forfattar Solveig Aareskjold.

LES OGSÅ: Gjev ut flest jentebøker

Forvridd fortid
Ho meiner at kvinneskikkelsane i den klassiske litteraturen, som me vert presentert for gjennom skulen, er misvisande både for jentene og for gutane. Dei er passive og stakkarslege, noko ho meiner gjev eit skeivt bilete av kvinnene bakover i historia.

– Gutane kan få eit intrykk av at kvinnene før i tida var underdanige, noko som berre er innbilling. Dei kan kome til å lengte attende til ei patriarkalsk tid som aldri har eksistert, og som kvinnerørsla aldri har øydelagt.

Kjønn har vore gjennomgangstema i store delar av forfattarskapen til Aareskjold, som òg har vore morgonkåsør i P2 og er spaltist i Dag og Tid. 

Forfattaren minnast dei stakkarslege kvinneskikkelsane i pensumlitteraturen frå ho sjølv var elev, sjølv om ho ikkje var bevisst på det den gong. Når ho seinare har vore vikar i skulen har ho registrert at lite har endra seg sidan den gong.

Forfattaren meiner kvinnene i forteljingane frå Garborg, Kielland og Amalie Skram er dårlege førebilete for unge jenter.

LES OGSÅ: Jenter som flyg

Grusomme Garborg
Det er spesielt jærforfattaren Garborg ho meiner skildrar forferdelege kvinneskjebnar. «Fred», som ofte vert lese som ei sjølvbiografisk forteljing om hans eigen barndom og mor, kallar Aareskjold «ei elendigheitsskildring, som vert kalla naturalisme».

I verkelegheita var familien til Garborg i det store biletet ei suksesshistorie, trass i faren sin tragiske sjukdom og sjølvmord. Mora gifta seg om att, noko som motbeviser myta om at kvinner som hadde vore gifte og hadde born frå før var skada gods.

– Det er ei god bok eg kan lese med glede, men det speglar ikkje verkelegheita på den tida, presiserer Aareskjold.

Veslemøy er ei anna jente som Garborg let lide for sin første feilslåtte sommarflørt.

Så har ein den ugifte mora Karen, som Kielland let drukne seg sjølv, noko Aareskjold fortel ikkje var vanleg at ugifte mødrer gjorde.

– Det er direkte usunt for jenter i tenåra å lese dette. Norskundervisninga vert undervisning i det å mislykkast som kvinne. Ein vert lært opp til å slutte å vente seg noko, meiner rogalendingen, og peiker at ein mellom anna vert opplærd til at kvinner og menn ikkje kan forstå einannan.

– Det er ein skandale at elevane skal lese denne undergangslitteraturen.  

LES OGSÅ: – Det er ikkje god nok sakprosa for ungdom

Blikk for kvinner
Men litteraturen er ikkje einsidig når det kjem til svartmåling av kvinneskjebnar. Det finnast historier om sterke kvinner som tek skjebnen i eigne hender. Jaktar lykka, framfor å vere passive tilskodarar til eige liv. Difor har ho i si lesebok for jenter samla 12 alternative tekstar frå 3000 år.Tekstar ho meiner burde stått i lesebøkene for lenge sida. Dei syner at jenter kan vere handlekraftige individ som formar sin eigen lykke. 

For ungdom – både gutar og jenter – treng å møte kvinner i litteraturen som krever eit liv.

– Det er håp. Det finn eg særleg i den eldre litteraturen. Om Homer, som skreiv «Odysseen», og den som skreiv «Soga om Eirik Raude» var menn, har dei eit blikk for kvinner som dei færraste mannlege forfattarar har.

Dei tolv tekstane ho har valt ut er utelukkande skrivne av kvinnelege forfattarar, i tillegg til desse to forfattarane ein ikkje kjenner identiteten til.

Boka vert lansert på sjølvaste kvinnedagen 8. mars, med lanseringsarrangement på Det norske teatret og Ivar Aasen-tunet. 

LES OGSÅ: – Gi meg én mann som kan konkurrere med melismene mine

Hungrig heltinne
Frå nyare tid har Aareskjold teke med seg Katniss Everdeen, heltinna i den populære Hunger Games-triologien av Suzanne Collins.

– Katniss er tvers igjennom jeger. Ho stolar på farta si og siktar godt. Ho meistrar ting fysisk og innehar kunnskap. Dei vanskane ho møter overvinner ho med kroppen sin. Ein finn desse jentene i alle skuleklassar, fortel forfattaren, som meiner at Katniss har vorte ein svakare kvinneskikkelese på filmlerretet.

– På film vil dei ikkje ha damer med fart.

Døme på andre sterke kvinner, som ikkje har kome med i leseboka, er Lisbeth Salander, kjent frå Millenium-triologien.

– Men ho er samstundes skadd og øydelagt av desse mennene, som fungerer som ei destruktiv kraft.

– Kallar du deg sjølv feminist?

– Eg gjer ikkje det. Eg opplever feminisme som ei tvedeling der feminisme er det gode og det maskuline er det vonde. Det er oppstått i eit patriarkalsk universitetsmiljø, seier Solveig Aareskjold, som opplever at feminismen ikkje famnar om alle kvinner.

Og i det store og heile trur ho at menn og kvinner har dei same måla. Ein finn det i litteraturen, om ein leitar, tøffe jenter som skapar si eiga lykke.

Faktaboks

Solveig Aareskjold (fødd 1949)

• Debuterte med romanen Det indre tempel (1987)

• Forfattar og spaltist i Dag og Tid

• Cand.philol med hovudfag i norsk og mellomfag i historie.

• Aktuell med «Lesebok for jenter – Frå Homer til Hunger Games».

Kjelde: Samlaget