Kommune-nei til reservasjonslegar
Fem kommunar støttar ikkje helseminister Bent Høies (H) lovforslag om å gi legar høve til å reservere seg mot abort.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kommune-nei til reservasjonslegar
Det kontroversielle forslaget til regjeringa om at fastlegane skal kunne reservere seg mot å vise til abort er ute på høyring, og svarfristen er sett til 30. april. Av dei 30 svara som har komme inn så langt, går 23 mot forslaget, skriv Aftenposten.
Fem kommunar skriv i høyringssvara sine at dei ikkje vil tilsetje fastlegar som ønskjer å reservere seg, mens ni kommunar seier nei til forslaget, men utan at dei signaliserer at dei ikkje vil tillate fastlegekontraktar med høve for reservasjon.
– Kommunestyret meiner at omsynet til kvinner i ein sårbar situasjon veg tyngst, og ber derfor om at forslaget til Helse- og omsorgsdepartementet ikkje blir vedtatt. Dersom det blir vedtatt, vil kommunen ikkje tillate fastlegekontraktar som opnar for at legen kan reservere seg mot å vise til abort, skriv ordførar Arve Helle i Fjaler kommune i høyringssvaret til kommunen. (©NPK)