– Barn får munnkorg om overgrep

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Får munnkorg om overgrep

Ifølgje barneombodet kan barn som ventar på slike avhøyr, få beskjed om å venta med å snakka ut om opplevingane fordi politiet fryktar at det kan svekkja ei mogleg straffesak, skriv Dagsavisen.

– Vi har sett konkrete døme på at foreldre har snakka med barnet sitt om påståtte overgrep, for deretter å oppleva at påtalemakta meiner dette i seg sjølv har øydelagt saka. Tanken er at truverdet til barnet kan vera svekt som følgje av påverknad frå vaksne. Eg har høyrt andre foreldra fortelja liknande historier, seier Lindboe til avisa.

LES OGSÅ:Tek makta frå over orda

Lindboe kjenner ikkje omfanget av problemet, men meiner det i seg sjølv er alarmerande at barn som ber på store traume skal måtte oppleva at dei ikkje får snakka om opplevingane i det heile før det har gått fleire veker eller månader medan dei ventar på å bli kalla inn til avhøyr.

– Viss dette skjer, er det ekstremt alvorleg. Når barnet ikkje får starta å arbeida seg gjennom det som eventuelt har skjedd, kan det forsterka trauma, meiner ho.

Kari-Janne Lid som er leiar for avsnittet for seksuallovbrot i Oslo politidistrikt, seier politiet har slutta å gje beskjed om at barn ikkje må snakka om hendingane før dei har blitt avhørt, men politiet kjenner til at det framleis skjer, skriv avisa. (©NPK)

LES OGSÅ: Etterlyser kunnskap om overgrep