Ny verdsrekord – igjen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Styrkeløftar Hildeborg Juvet Hugdal har dei siste dagane vore i USA for å delta under Arnold Schwarzenegger sitt store arrangement, The Arnold Sport Festival.

– Ho løfta 212,5 kilo i andreløftet og hadde då sikra seg både gull i benkpress og tittelen «Beste utøvar». Då hadde ho ingenting å tapa på å prøva seg på ein ny verdsrekord, seier Irene Hugdal, mor til Hildeborg Juvet Hugdal.

LES OGSÅ: Stålkvinna

Tredjeløftet på 220 kilo blei godkjent – og Juvet Hugdal sette nok ein ny verdsrekord i spesialgreina si, benkpress.

Løftet sundag ettermiddag var altså på 220 kilo – to kilo meir enn hennar eigen verdsrekord frå VM-konkurransen i Stavanger i november.

Også i fjor deltok saudabuen i The Arnold Sport Festival. Då løfta ho 206,5 kilo – ein halv kilo meir enn verdsrekorden ho sette i august året før.

Benkpress er for øvrig den einaste øvinga Juvet Hugdal har konkurrert i under styrkeløftfestivalen.

LES SAKA I RYFYLKE!