Får 20.000 for rusfri føraropplæring

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stig Olav (18) melde seg for ei tid sidan inn i Motorførernes Avholdsforbunds Ungdomsforbund, og det er på den måten han har kome til pengane.

KVART ÅR TREKKJER MA-Ungdom ut ein vinnar mellom dei ungdommane som forpliktar seg til å halda seg rusfrie i opplæringsperioden.

Denne gongen gjekk pengane til Voss, og unge Rene fekk pengane overrekt ved ei tilstelling onsdag.

– Eg vart veldig overraska, og glad. Førarkortet tok eg 3. januar, to dagar etter 18-årsdagen. At eg no får 20.000 kroner til å redusera kostnaden til «lappen» med, er kjempeflott, seier Rene.

Sjølv om 20.000 ikkje dekkjer alle kostnadene, er det eit vesentleg tilskot for å dekka utgiftene.

– Eg har aldri hatt behov for å drikka alkohol. MA-Ungdom er ein veldig fin organisasjon, og sidan eg er veldig imot rus og bilkøyring, melde eg meg inn. Rus og bilkøyring har eg definitivt ikkje sansen for, seier den nybakte sjåføren.

Han håpar at også andre ungdommar vil forplikta seg til å vera rusfrie medan dei tek førarkortet.

– Eg håpar alle ungdommar vil sjå at rus i trafikken slett ikkje er bra.

TIL VANLEG ER Stig Olav skuleelev i 2. klasse på byggteknisk på Voss vidaregåande i Brynalii. Han skal bli tømrar, og har alt sikra seg lærekontrakt med Veidekke på Gol.

– Det er kjekt å driva på med treverk og å byggja, seier han. I tillegg har han deltidsjobb på trykkeriet i Hordaland tre kveldar for veka, slik at han tener litt pengar.

Og dei har den bilinteresserte ungdommen brukt til å kjøpa –nettopp bil. Valet fall på ein Honda CRV 2001-modell til 42.000 kroner.

– Ikkje den ultimate ungdomsbilen, men eg kjem meg trygt fram med han, også når det er glatt sidan eg har firehjelstrekk, seier han godt nøgd.

Sigurd Langehaug, som er leiar i Voss Fråhaldsråd, seier til Hordaland at det er ein veldig fortent vinnar av dei 20.000 kronene.

– Stig Olav er veldig ivrig i organisasjonen, rosar han.

50 UNGDOMMAR HER på Voss har inngått avtale med MA om å halda seg rusfrie under føraropplæringa. Av desse er om lag halvparten medlemmer i MA-Ungdom. Ungdommane er i alderen frå 14-15 år til over 20.

Neste måndag – 10. mars – skal dei danna lokallag for MA-Ungdom her på Voss, og Langehaug vonar at det kjem mange ungdommar som er interesserte. Organisasjonen startar dessutan ein ny konkurranse på landsbasis med 30.000 kroner som premi til vinnaren.

Premien går til den som lagar best film, foto eller plakat som fortel om faren ved ruskøyring. I samband med utdelinga på Voss, var Catharina Frostad frå MA-Ungdom også på Voss gymnas der ho viste film frå prosjektet «Death Trip».

LES SAKA I AVISA HORDALAND!