Cirkus Arnardo droppar elefantane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Droppar elefantane

I år inviterer sirkusdirektør Arild Arnardo til 65-årsjubileum for Cirkus Arnardo – utan elefantar. Mattilsynet har tidlegare uttalt at det ikkje er forsvarleg å bruke elefantar i sirkus. Sjølv meiner sirkuset at plassmangel er årsaka til at snabeldyret ikkje blir med i framsyningane.

– Vi bestemte etter førre sesong å erstatte elefantane med andre dyr i år. Fortetting i bysenter og grusbaner som blir bygde om til kunstgrasanlegg set grenser for kva stader vi kan besøkje. Dette er ein trend vi må ta høgd for. Ein sirkussesong blir nemleg planlagt lang tid i forvegen, skriv Arild Arnardo i ei pressemelding.

Dyrevernorganisasjonen NOAH gratulerer sirkuset med ei fornuftig avgjerd. Leiar Siri Martinsen håpar at dette er første steg på vegen mot eit dyrefritt sirkus.

– Eg tolkar dette som eit teikn på at dei har erkjent kritikken frå fagmiljøa, og håpar dei kjem til å ta ytterlegare avstand frå den tradisjonelle tankegangen om at sirkus må ha dyr for å overleve. Det er langt fleire dyr enn elefantane som har behov for større plass enn kva eit sirkus kan gi, seier Martinsen til NTB. (©NPK)

LES OGSÅ:– Dei store partia tek dyrevelferd lite seriøst