mm

Du treng ikkje ha så veldig frynsete nervar for å i alle fall tenke tanken. Du har kanskje sett litt vel mange urealistiske filmar i det siste. Det har blitt litt lite søvn. Du har vore mykje åleine. Ete rar mat. Det kan hende du har vore sjuk. Hatt merkelige feberfantasiar. Kanskje har du vore ute og reist, meldt deg litt ut av samfunnet, levd i di eiga verd. No er du nettopp tilbake i heimlandet og kvardagen. Døgnrytmen, magen og hovudet er framleis litt i ulage, og du veit ikkje kva som har skjedd her medan du har vore borte.

Då er det mulig å vakne opp og tenke tanken.

Det kan vere du stod opp på måndag, langt på dag, uggen og fæl, gjekk inn på nettet og  fekk med deg ei av dei mange OL-oppsummeringane, der det stod at OLs store namn var Ole Einar Bjørndalen. Kanskje er du ikkje så interessert i vinteridrett eller OL, men du meiner å ha høyrt dette namnet før.

Bjørndalen, tenker du, var ikkje han med i OL for tjue år sidan?

Men du slår det frå deg. Det kan umulig stemme. Det må vere ein annan Bjørndalen. Sonen, kanskje.

Du tek deg ein kopp kaffi og skrur på radioen. Eit debattprogram. Og kva blir diskutert der? Reaksjonar på nye lover som kan gi livsfarlig fengsel for homofile. Kvinneforakt. Reservasjonsrett for legar i abortspørsmål. Er det for mykje banning på NRK?

Og då tenker du kanskje: Har eg ikkje høyrt desse debattane før? For lenge sidan? Og då meiner eg veldig lenge sidan. Før gamle Bjørndalen var med i OL. 

Er det for mykje banning på NRK? Var ikkje det slikt ein diskuterte på den tida då eg var omtrent tolv? På den tida då vi høyrde på «Oh Julie» med Shakin’ Stevens og «Bli bra igjen» med Jahn Teigen og – faktisk – «Ooa hela natten»?

Abort? Kvinneforakt? Dreiv ikkje foreldra våre og diskuterte dette?

Og det kan då umulig vere nokon som innfører lover som kan gi livsvarig fengsel for homofile no. No? Nye lover?!

Nei.

Noko er feil, tenker du. Noko er heilt feil. Du drikk litt meir kaffi. Skiftar kanal. Du blir berre forvirra av alt dette pratet. Du vil ha ro. Du vil ha ein musikk-kanal. Og du finn ein musikk-kanal. Det er ikkje så vanskelig. Og kva speler dei der?

«Oh Julie» med Shakin’ Stevens.

«Bli bra igjen» med Jahn Teigen.

Og «Ooa hela natten». Faktisk.

Det er berre det eg meiner. Viss du i utgangspunktet har sett litt for mange urealistiske filmar, og døgnrytmen er litt i ulage, og du ikkje er heilt deg sjølv etter ei lengre reise der du har meldt deg litt ut av samfunnet og ete noko du ikkje tolte, då er det fullt mulig å lure på om du kan ha våkna opp i ei anna tid.

Det er nesten forståelig om du begynner å lure litt. At du følgjer med litt ekstra når du går ut. Ser etter spor av skulderputer, kanskje. Tabloidførstesider med kjendisar du trudde var døde. Sånne ting.

Men alt ser normalt ut. Ingenting tyder på at du har reist tjue, tretti eller førti år tilbake i tid. Tvert imot. Du finn ferdigmat laga av Eyvind Hellstrøm i butikken. Det hadde ikkje skjedd for tjue år sidan.

Du roar deg ned. Overbeviser deg sjølv om at du må ha innbilt deg det med at dei diskuterte homofili, abort og banning på radioen. Og i alle fall det med «Ooa hela natten». Det er heilt sjukt. Du ler av deg sjølv. Sjølvsagt har du ikkje våkna i ei anna tid. Slikt går faktisk ikkje an. Skjerp deg!

Du går heim. Sett deg i sofaen. Skrur på tv-en. Zappar. Du ser at det står NRK2 oppe i hjørnet. Du smiler. NRK2 fanst i alle fall ikkje for tretti år sidan.

Så begynner Derrick.
 

Først publisert i Aftenposten 1. mars.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!

ANNONSE