Vann ny pris for musikkvideoar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Beste norske musikkvideo

– Dette er sjukt kult, sa vokalist Ivar Bowitz i takketalen frå scena då vidFlow Music Video Awards blei arrangert i Oslo for aller første gong.

Videoen har fått mykje merksemd òg internasjonalt og er regissert av André Chocron som sjølv stakk av med prisen Young Taylor Award som blir til gjeve unge talent som har gjort noko spesielt for visualiseringa av musikk.

Prisen for årets regissør vart delt ut av Magdi Ytreeide Abdelmaguid og Chirag Patel i Karpe Diem. Vinnaren vart Kava Singh som har regissert videoar for nettopp Karpe Diem, men òg Nico og Vinz og fleire kjende norske artistar.

Juryen grunngav valet sitt med at Singh med sine eksepsjonelle ferdigheiter når det gjeld lys, fargar og kjensler, klarar å få sjølv Grorud til å framstå som ein eksotisk metropol. 2013 markerte året han for alvor fekk grep på visuell historiefortelling.

Heiderspris til RayKay
Ikkje overraskande stakk Ray Kay av med heidersprisen, Taylor Award. Juryen trekkjer fram at Ray Kay, allereie med dei første videoane sine, la lista så høgt at det tok resten av Noreg fleire år å ta igjen. Ray Kay var ikkje til stades i Oslo i går, men helste frå LA.

– Eg håpar denne prisen vil vere til inspirasjon for mange framover.

Faktaboks

Nominerte og vinnarar:

Årets video:

Cold Mailman – My Recurring Dream (vann)
Kvelertak – Kvelertak (kombinert musikkvideo og opptreden på P3 Gull)
Lars Vaular – Legender

Nico & Vinz – Am I Wrong

Nico & Vinz – In Your Arms

Årets regissør

André Chocron
Kavar Singh
 (vann)
Kristoffer Klunk
Ray Kay

Stian Andersen

Young Taylor Award:

André Chocron (vann)
Kristoffer Klunk
Lars Vaular
Tobias Frøystad

Taylor Award (heiderspris)

Ray Kay