Hekla myter: Vellukka handarbeid

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Myter søkjer å forklare korfor ting er som de er, eller korfor vi gjer som vi gjer. Hekla myter er ein diktsyklus med kvinnelege lagnader, bunden saman av kulturhistorie og diktarens raude tråd. Eli Fossdal Vaage skriv poetisk, men òg i ein lett munnleg tone om arven etter formødrene.

Den første av dei fire delane i diktsamlingas fortel livshistoria til ei kvinne, om då ho vart fødd, forventningar som har vorte stilte til ho, val ho har teke. Dikta er fulle av handling, men gjennom handlingane kjem også kjensler til uttrykk: ”[…] kven kan nå seg sjølv att i døra/be ho som står der, reiseklar, om å bli?”

Dikta i andre del fortel om rituelle handlingar, om korleis formødrene og forfedrane har levd. Her er kjerringråd, læresetningar og profetisk tale. ”Så talte Herren til formødrene og dei lytta […] Han sa De skal halde buet heilagt/ha ingen andre heimar på jord/hald draumane dykkar små/og tankane òg/og ha ingen andre frelsarar/enn denne eine, rette, allmektige Arbeidet og Meg […]”.

Ein kan merke byrda desse kvinnene har levd under og som vi prisar oss lukkeleg fri frå i dagens moderne samfunn. Underskrivne har ingen planer om å gå i formødrenes fotspor og å strikka eigne bind, men eg kan likevel merke ei samkjensle med dei. På same måte som hekling og anna handarbeid har vorte in igjen, har også Hekla myter aktualitet.

I tredje del finn me diktar-eget på ein fråflytta gard. Her sit mytane i veggane, utanfor huset, oppunder loftet og heimsøkjer diktar-eget. ”Mellom meg og dei som fanst her før/ligg eit arva hav/ein tareskog av nypussa sølvtøy, barnegråt, porselen”.

Gjennom heile syklusen er det også ei ho. I siste og fjerde del tek diktar-eget avskjed med ho, noko som gjev ein heilskap til diktsamlinga som kjem til ei naturleg avslutning. Om ho er den same ho som vert fødd i opningsdiktet er ikkje sikkert og om det er ein, fire eller alle formødrers lagnader vi vert fortalde gjennom dei fire delane er også ope.

Fossdal Vaage har sagt i intervju med Framtida.no at ho er inspirert av si eiga mormor og gamle historier frå sin eigen familie. Gjennom dikta vidareformidlar diktaren desse, og heilt sikkert også andre historier, som fortel om kulturell arv og høveleg livsførsle. Ein kan lære noko av dikta, både om flekkfjerning og om levd liv. Det er underhaldande dikt og det er ei seriøs, men også morosam diktsamling som godt kan lesast fleire gonger.

Les fleire bokmeldingar her!

Faktaboks

Hekla myter
Eli Fossdal Vaage
Dikt
Cappelen Damm, 2013