– Høgtrykket i vegtrafikken kan fort bli storm

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Høgtrykk i vegtrafikken

– For at målet i klimaforliket ikkje berre skal vere prat må politikarane få ut fingeren og gjennomføre god og miljøvenleg samferdslepolitikk, seier Gaute Eiterjord, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom, i ei pressemelding.

LES OGSÅ: – Ta eit oppgjer med klimanektarane

Mil etter mil
I dag vart sanninga om nordmenn sine mil bak rattet avslørt av Vegdirektoratet. På landsbasis køyrde me 1,2 prosent lenger i 2013 enn i 2012. Størst auke har dei i fylka Oppland, Møre og Romsdal og Rogaland.

Dei sentrale fylka Oslo og Akershus har ein mindre oppgang i mil bak rattet, noko Eiterjord ser i samanheng med kollektivtilbodet.

– I Oslo og Akershus har fleire byrja å reise kollektivt – særleg med sykkel og tog. Særleg eit godt togtilbod gjer bilen mindre attraktiv som reisemiddel til jobben. Dette viser kor viktig eit bra kollektivtilbod er for å hindre farlegare byluft, trafikkaos og større utslepp av klimagassar.

Natur og Ungdom viser til klimaforliket som vart vedtatt på Stortinget våren 2012. Der slår ein fast at all vekst i transport i byområda skal skje med gange, sykkel og kollektivtransport. No peikar dei på at det motsette skjer, og foreslår fleire tiltak: Utvida kapasitet på jernbanen, fleire bussruter, kollektivfelt, billegare månadskort og fleire sykkelvegar.

LES OGSÅ: – Køyrer oss rett i grøfta på vandalveg

Kollektivt før veg
Organisasjonen meiner det er ekstra viktig at kollektivtransporten nå vert prioritert over vegprosjekt, og at ein også må få bukt med forureinande køar med eit restriktivt tiltak som køprising:

– Trondheim og Kristiansand opplevde ein oppgang i kollektivreiser og nedgang i privatbilisme i rush-tida etter innføring av køprising. Andre byar som Oslo, Bergen, Grenland og Stavanger veit kva dei må gjere for å hindre at byane blir kvelt av forureining og kø. Høgtrykket i vegtrafikken kan fort bli storm om me berre sit på autovernet og dinglar med beina, slår sentralstyremedlem Tale Ellingvåg fast.