Masterstudia i akvakultur og fôrteknologi ved NMBU har nesten ingen norske studentar.

NPK
NPK

Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) på Ås tilbyr to studieretningar innan akvakultur; ein master i akvakultur og ein master i fôrteknologi. Begge programma går på engelsk.

LES OGSÅ: Skal heva kompetansen

– Ufortent dårlege omdømme
– Utviklinga i studentmassen har over tid vore både fantastisk og deprimerande. Det fantastiske er at me har utruleg mange flinke og engasjerte studentar frå andre kontinent. Det deprimerande er at det er veldig få norske studentar, seier professor Trond Storebakken til IntraFish.

Mange av studentane kjem frå Kina. Vidare er det studentar frå både Pakistan, Bangladesh, Iran, Nepal og Chile. Det er også studentar frå ulike afrikanske land og frå Aust-Europa.

Ifølgje studierettleiar Marit Ensby er det rundt 10 studentar på kvart årskull av dei to masterprogramma. Av dei totalt rundt 40 studentane er det berre tre norske.

– Eg trur det ufortent dårlege omdømmet til næringa hemmar rekrutteringa, seier Storebakken. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.50

LES OGSÅ

ANNONSE