Plukka 250 kilo torsk opp frå havet med hendene

– Eg har vore fiskar heile mitt liv, men har aldri opplevd maken, fortel Arne Moldskred (snart 80 år). 

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fekk 250 kg torsk med hendene

Historia om torskefangsten som Arne (Alla) Moldskred og Jon Gjerde på Hareid opplevde for nokre veker sidan, er av det eventyrlege slaget, men er like fullt sann.

Arne Moldskred, som altså har vore fiskar heile livet, har verken opplevd eller høyrt om liknande.

– Men du må snakke med Jon Gjerde. For det var han som heldt både båt og bruk, fortel Moldskred.

– Ja, det var litt av ei oppleving, svarer Jon Gjerde når vi kontaktar han.

Han fortel at dei var på veg ut på Statgrunnen då eventyret starta, og at dei var komne nesten ut på kanten.

LES OGSÅ: Fanga monsterfisk

Sildestim
– Eg såg at det låg så mykje måse i vasskorpa, og sidan måsen gjerne er der fisken er, stemnde vi mot fuglen.

Komne nærare oppdaga dei to fiskarane at det flaut mykje sild i sjøen. Snart viste det seg at der låg anna og flaut også:

– Vasskorpa var full av torsk som låg og flaut. Dei sprella og snappa etter luft. Det var berre å ta fram kleppen og begynne å få dei om bord, fortel Jon Gjerde.

Medan Jon stod inne i styrehuset fekk Arne jobben med å kleppe torsken opp i båten. Men nokre av dei var så store at han ikkje klarte å få dei om bord åleine. Ruggar på opp til 15 kg er ikkje så enkelt å kleppe åleine, så Jon måtte i periodar forlate styrehuset for å hjelpe til.

Etter om lag 45 minutt hadde dei kleppa om bord 40 torskar på til saman 250 kg, og meir var det ikkje plass til om bord i «Egon». Dei slutta derfor med kleppinga, og sette kursen mot Hareid igjen.

LES OGSÅ: Ein sjønasjon med skrekk for fisk

Sild ut gjennom toknene
Det store spørsmålet er sjølvsagt korleis dette var mogleg.

Verken Arne eller Jon har ei heilt sikker forklaring.

Men det som er sikkert, er at torsken har kome inn i ein sildestim, og fått i seg store mengder med torsk.

– Silda kom tytande både ut av toknene og kjeften på torsken, og også magane deira var fullstappa av sild, fortel Jon Gjerde.

Under ein sildestim er det lite oksygen, og når torsken har fått både tokner og kjeft full av sild, får han problem med å puste. Dette er truleg årsaka til at han flaut opp.

Heimkomne til Hareid fekk dei to fiskarane seg ein storjobb med å gjere opp torsken. Og under raftene til begge karane heng det no sild til bokning. Sild som taut ut av toknene.

Saka var først publisert i Vikebladet.