OL-lua gir heklefeber

Det er ei uvanleg travel tid ved Ulstein Garn og Broderi. Grunnen til det er den svært populære OL-lua.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ho driv ein av dei siste faghandlane på Hareidlandet, dagleg leiar ved Ulstein Garn og Broderi, Linda Holstad. Handarbeid er i vinden som aldri før, og spesielt heklepinnane går seg nærmast varme. For tida er det ingenting som er så heitt på heklefronten som den lyseblå lua med raud kant, som OL-utøvarane til Noreg går rundt med i russiske Sotsji.

– Ikkje eingong Skappel-genseren kan nå opp til OL-lua når det gjeld popularitet, seier Linda Holstad.

Ho fekk fleire førespurnader etter det lyseblå Dale-garnet dobbel merino babyull den tida Vikebladet Vestposten var innom lokala. Telefonen har også kima i eitt sett.

– Pågangen er heilt enorm. Slike tilstandar trur eg vi aldri tidlegare har opplevd.

LES OGSÅ: Med Paris på pinnane

Utselt for garn på éin dag
Butikken sel mykje garn, i ulike fargar. Likevel har ikkje babyblå farge tradisjonelt sett vore ein av dei store salsvinnarane. Ikkje før no.

– Første dagen det verkeleg tok laust selde eg ut alt. På ein einaste time selde eg fire kilo garn, eller 80 nyste, seier Linda.

Det har ikkje vore enkelt å fylle opp den tomme hylla i butikken, for det er ikkje berre i Ulsteinvik heklefeberen er høg.

– Eg var på ei minimesse i regi av Dale Garn i Ålesund tysdag, og det store samtaletemaet var sjølvsagt OL-lua. Eg trur Dale kjende på presset då, ja.

Enkel suksessoppskrift
Linda Holstad trur grunnen til at OL-lua har tatt slik av er såre enkel.

– Den er enkel, har fint design, flotte fargar og kledeleg fasong. Men i same kategori som Marius-mønsteret og andre klassiske stilar som har blitt etablert over tid, er eg ikkje sikker på den er. Eg håpar jo sjølvsagt at den vil vere populær ei tid framover, eller at nye trendar slår inn, seier Linda Holstad.

Også Trådkråa på Hareid har hatt stor pågang etter den lyseblå tråden den siste tida. Der håpar dei å ha nok til nokre dagar framover.

Saka var først publisert i Vikebladet.