Leikar med livet
Å bruka jernbanesporet som skiløype er livsfarleg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Slik lyder Jernbaneverket si åtvaring, med vinterferien nært føreståande.
– Dødsulukker har me hatt, og det er stadig livsfarlege situasjonar oppe i høgfjellet, der skiløparar tek sjansar og kryssar jernbanesporet, seier kommunikasjonssjef Inge Hjertaas.
– Problemet er størst på strekninga Geilo-Finse, men òg i Mjølfjell-området ser me at det vert etablert farlege og ulovlege snarvegar over sporet om vinteren. For: toget kjem fort og stille. Og det treng rundt ein kilometer for å stogga.
Hjertaas oppmodar difor alle og einkvar til å kryssa sporet på planovergangar, bruer eller tunnelar som er laga for dette. Sjølv om dét vil innnebera omveg for brukaren.
– I tillegg må det hugsast at det er viktig å unngå å koma nær kontaktleidningsnettet, med sine 15.000 volt!
I høve den tilstundande vinterferien har Jernbaneverket hengt opp ei rekkje informative plakatar ved stasjonane i høgfjellet, med enkel informasjon om korleis skiløparar kan ta seg trygt fram langs høgfjellstrekkjene.
– På stasjonane finn ein både plakatar og brosjyrer, det same vil ein gjera på nettstaden jernbaneverket.no, opplyser Hjertaas.