Tjønn nominert til Kulturdepartementets litteraturpris

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tjønn nominert til litteraturpris

I dag vart nominasjonane til Kulturdepartementets prisar for barne- og ungdomslitteratur gjort offentleg. 

For bokåret 2013 er 31 forfattarar, illustratørar, omsettarar og teikneserieskaparar nominert innafor sju kategoriar. To av tre nominerte i kategorien for biletbøker er nynorske. 

LES OGSÅ: – Eg kan ikkje så mange fine ord

Pustande forteljing 
Ikkje uventa er Brageprisvinnar Brynjulf Jung Tjønn mellom dei nominerte til litteraturprisen med Så vakker du er.

Dei andre nominerte i same kategori er Hyperpubertet, av Vera Micaelsen og Brune av Håkon Øvreås.

I grunngjevinga for nominasjonen av Så vakker du er skriv juryen mellom anna:

«Denne ungdomsromanen er liten i omfang, men loddar djupt. Ved å vere så tett på gjennomgripande livserfaringar over eit heilt år, får forteljinga eit stort alvor.»  

Juryen kallar romanen for stillferdig og meiner at dei hyppige linjeskrifta skrur tempoet og får framstillinga til å puste. Kvaliteten ligg i samanskrivinga av eit urovekkjande innhald og eit poetisk språk, heiter det i grunngjevinga.

BOKMELDING: Vakkert om noko vondt

Flest nynorske biletbøker
Dei to andre bøkene som originalt er skrive på nynorsk er nominert til biletbokprisen. Helge Torvund har skrive boka The Sudden Cats, som har fått illustrasjonar til av Mari Kanstad Johnsen.

I tillegg er biletboka Førstemamma på Mars av Gyrid Axe Øvsteng med illustrasjonar av Per Ragnar Møkleby frå Samlaget nominert.

Dei konkurrerer med bokserien om Dyra på gården, fem bøker som er illustrert av Per Dybvig og skriven av Kaia, Bendik og Trond Brænne.

To av tre nynorske
Til omsettarprisen finn me igjen to nynorske nominasjonar. Det er Eva Jensen si omsetting av dikta til den engelskspråklege Carl Sandburg. I den nynorske versjonen utgiven på Nordsjøforlaget har diktsamlinga fått tittelen Små heimar.

Øystein Vidnes er nominert for den nynorske omsettinga av tyske Angelika Klüssendorf sin roman Jenta.

I tillegg er Guro Dimmen nominert for Lykkefinneren, omsett frå originalen av Edward van de Vendel og Anoush Elman.

Sjå alle nominasjonane og grunngjevingane her.

Slutt på nynorsknominasjonar
Debutantprisen, fagbokprisen, illustrasjonsprisen og teikneserieprisen har ingen nynorske nominasjonar.

Dei nominerte debutantane er:

      • Torbjørn Øverland Amundsen med Bìan Shen. Gyldendal

      • Siri Pettersen med Odinsbarn i serien Ravneringene. Gyldendal

      • Heidi Sævareid med Spranget. Omnipax

Dei nominerte til fagbokprisen er:

      • Karsten og Petra spiser glass! På eventyr i Stockholm, av Tor Åge Bringsværd og Anne G. Holt (ill.) Cappelen Damm.

      • Møt fjellreven,av Nina E. Eide, Terje Borg, Camilla Næss og Inger Lise Belsvik (ill.) Mangschou

      • Bombene over Hiroshima og Nagasaki,av Anne Thelle. Omnipax

LES OGSÅ: Mangel på nynorsk sakprosa for unge

Teiknenominasjonar
Inger Lise Belsvik er òg nominert til illustrasjonsprisen for boka Møt fjellreven, medan Bo Gaustad er nominert til den same prisen for heile tre ulike bøker. Desse er Bøllene, som han sjølv har både skrive og illustrert, Buster av Lars Saabye Christensen og Hvorfor er vannet vått? av Ole Robert Sunde.

Dei nominerte til teikneserieprisen er:

      • Munch av Steffen Kverneland. No Comprendo Press

      • Ulvehjerte av Tor Erling Naas & Sigbjørn Lilleeng. Cappelen Damm

      • Bisk blir redd av Bjørn Ousland. Cappelen Damm

Prisutdelinga finn stad den 6. mars på Nasjonalbiblioteket.