NPK-NTB
NPK-NTB

Sandra Borch trekte seg i fjor haust som leiar av Senterungdommen, og flytta heim til Tromsø for å vere bystyrepolitikar. Men fråværet frå rikspolitikken vart ikkje langvarig, for no gjer 25-åringen comeback.

I helga vart ho valt inn i styret til Troms Senterparti og til å få kunne dra på landsmøtet i april, skriv Nettavisen.

Rett inn i leiarsaka
Ein av dei første sakene Borch skal ta stilling til, er leiarspørsmålet i Senterpartiet. Tidlegare har ho snakka varmt om nestleiar Ola Borten Moe, og har fått kjeft av Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete for nettopp det.

Måndag ønskte Borch derimot ikkje å seie noko om kven ho no ønskjer som leiar.

– Troms Senterparti skal ha styremøte denne veka der vi skal avgjere det nye sentralstyret, og kven vi ønskjer skal sitje der. Fram til det har eg ikkje så mykje å seie, seier ho. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.50

Kommentarar

ANNONSE