– Vil regjeringa slå hol på muren av hemmelighold i skatteparadis? spør Changemaker.

mm

Laurdag ettermiddag møtte aksjonistar frå Changemaker statssekretær Jon Gunnar Pedersen (H) utanfor Stortinget. Dei hadde rigga til eit heitt skatteparadis med tusenvis av løyndomar i ei piñata-kiste – med palmar, strand og hula-hula-dansarar.

– Me håpar han vil slå hol på piñataen og sleppe løyndomane til det norske folk fri, seier Ingrid Aas Borge, leiar i Changemaker på førehand.

Hemmeleghald i skatteparadis er eit enormt hinder for utvikling, for fattige land blir snytt for den skatten dei har krav på. Kvart år forsvinn 5000 milliardar kroner ut av fattige land i ulovleg kapitalflukt, og dette skjer via dei hemmelegheitsfulle skatteparadisa.

– Me har difor samla inn norske løyndomar som viser kor lett det er for regjeringa å skape openheit om dei finansielle løyndomane til selskap i skatteparadis, seier Aas Borge.

LES OGSÅ: Lovar kamp mot skatteparadis

Ønskjer meir openheit
I desember vedtok Stortinget reglar for land-for-land-rapportering, som påbyr rapportering om skatt frå fleire land, for å hindra selskap å snyta på skatten i fattige land.

– Regjeringa har byrja lovande med å laga ei openheitslov, men berre selskap i utvinningsindustrien blir omfamna. Tilknyting til skatteparadis blir knapt rørt. Me håpar Pedersen og finansminister Siv Jensen vil gjera meir, seier Ingrid Aas Borge.

Noreg har heller ikkje eit skikkeleg register for kven som eigenleg eig selskap. Ein må berre oppgje juridisk eigar, som gjerne kan vera eit nytt selskap, når ein registrerer føretak i Brønnøysundregisteret.

– Eg håpar statssekretæren kan finna inspirasjon til å laga eit nytt register med oversyn over selskapseigarar når han får tusenvis av løyndomar over seg, seier Changemaker-leiaren Ingrid Aas Borge.

Statssekretær Jon Gunnar Pedersen slo til kistepiñataen med rundt 2300 løyndommar og lova Changemaker betre innsats i kampen mot finansielle hemmelegheiter i skatteparadis.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.50

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE