Trekkjer pressestøtte-forslag

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Droppar tak på pressestøtta

Endringane hadde råka avisene Dagsavisen og Vårt Land og dessutan eit trettitals lokalaviser, mange av dei bygdeaviser med nynorsk som redaksjonsspråk. Forslaget fekk kraftig motbør frå presseorganisasjonane.

Kulturminister Thorhild Widvey (H) sa fredag i ei pressemelding at regjeringa har informert Efta-overvakingsorganet Esa om at dei no foreslår ei maksgrense på 40 prosent av driftskostnadene hos mottakarane av pressestøtte, dessutan at dei held fast ved opplagsgrensa som i dag gjeld for nummeréin- og åleineavisene.

LES OGSÅ: – Ingen nynorskaviser å miste

Trekkjer forslaga
Regjeringa trekkjer dermed framlegget sitt om å fjerne produksjonstilskotet til alle nummeréin- og åleineaviser med eit opplag på mellom 4.000 og 6.000 frå og med 2014. Det same gjer regjeringa med framlegget om å innføre eit fast støttetak på 40 millionar kroner i staden for det prosentvise taket som den førre regjeringa la opp til.

Samarbeidspartia til regjeringa på Stortinget, KrF og Venstre, gjorde det i midten av januar klart at dei ikkje kan støtte framlegga. Dei uttrykte òg irritasjon over at regjeringa fremma desse forslaga utan å diskutere med dei.

– Pressestøtta er ein del av budsjettforliket, og regjeringa må tilbake til Stortinget om dei vil gjere endringar, sa Venstre-nestleiar Terje Breivik den gongen.

LES OGSÅ: Inga endring i pressestøtta utan Venstre og KrF

Gir ikkje opp
Bortlegginga av forslaga no betyr likevel ikkje at regjeringa gir opp å få dei gjennomførte.

– Spørsmålet om å endre opplagsgrensa frå 6.000 til 4.000 og dessutan ei eventuell innføring av eit statisk støttetak på 40 millionar kroner kjem vi til å ta opp i ei eiga melding til Stortinget i tråd med budsjettavtalen med KrF og Venstre. Desse to elementa er derfor ikkje inkluderte i den ordninga som vi i dag notifiserer til Esa, seier kulturministeren.

Endringane kan da tidlegast komme til gjelde frå og med 2015, så sant stortingsfleirtalet støttar dei.

Widvey satsar på å få gjennomført resten av den plattformnøytrale omlegginga av pressestøtta som planlagt frå 2014. 

LES OGSÅ: Lokalavisene: – Meir drastisk enn venta