TV 2 tek sjølvkritikk for reklameblemme
TV 2 tek sjølvkritikk for å ha gått i reklame under OL-finalen i slopestyle, der Ståle Sandbech tok sølv.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tek sjølvkritikk for reklame
I sosiale medium har TV 2 møtt ein storm av klagar på reklameavbrotet. No beklagar TV 2s sjefprodusent i Sotsji, Jens Knudsen.
– Det var ein menneskeleg feil. Det skal ikkje skje. Så no har vi ein sportsprodusent som hjelper til i slike augneblinkar, seier Knudsen til Dagens Næringsliv.
Ifølgje TV 2s kommunikasjonsdirektør Rune Indrøy ligg det månader med arbeid i planlegginga av reklamepausane under OL. Han forstår likevel at mange sjåarar reagerer.
– Det har vore OL i så mange år på NRK at vi rekna med at det skulle bli litt bråk, seier Indrøy.
Storannonsør Telenor seier til Dagens Næringsliv at selskapet no vil revurdere reklamemengda under OL.
– Vi ser at nokon lèt seg irritere over at det er for mykje reklame. Det må vi ta inn over oss, seier informasjonssjef Anders Krokan.
– Vi ønskjer absolutt ikkje å støyte nokon med reklamen vår, seier han. (©NPK)