Forskarar fann urgammal stjerne

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den eldste i universet

Himmellekamen, som har fått det kronglete namnet SMSS J031300.36-670839.3, skal ha blitt danna nokre få hundre millionar år etter at universet blei til, meiner eit forskarlag frå Australian National University. Dei trur oppdaginga vil føre til meir nøyaktig kunnskap om opphavet til universet.

– Stjerna gir oss innsikt i den grunnleggjande plassen vår i universet. Det vi no ser er opphavet til alt materiale rundt oss som vi treng for å overleve, seier forskingsleiar doktor Stefan Keller.

Forskarlaget leitte i elleve år før det fann stjerna ved å bruke SkyMapper-teleskopet ved Siding Spring-observatoriet i New South Wales. SMSS J031300.36-670839.3 var éi av 60 millionar stjerner som blei fotografert av teleskopet det første året i prosjektet.

Alderen på stjerna blir rekna ut ved måling av jerninnhaldet i stjerna, noko som skjer gjennom å analysere stjernelyset. Dess lågare jerninnhald ei stjerne har, dess eldre er stjerna, ifølgje forskarane. Dette heng saman med at nye stjerner blir født ut av gasskyer som blir danna når gamle stjerner eksploderer. Kvar nye generasjon av stjerner inneheld derfor meir jern enn den førre, fordi stjerner produserer tyngre grunnstoff, blant anna jern, i levetida si.

SMSS J031300.36-670839.3 er i vår eigen galakse, rundt 6.000 lysår frå jorda. (©NPK)