Eit ekte og ærlig rett-frå-levra-intervju med ein ekte og ærlig rett-frå-levra-politikar.

mm

I vår endelause serie «Vi gjer akkurat det same som alle andre», så bringer også vi i dag eit intervju med ein mann som har vore sentral i nyheitsbildet denne veka, nemlig Per Sandberg, mannen som ombestemte seg, vende tilbake, og vil vere nestleiar i FrP likevel.

Per Sandberg. La meg aller først få seie, på vegner av alle oss som skriv i avisa og alle oss som lever av å snakke om politikk på radio og tv, at vi er utrulig glade for å ha deg tilbake.

Takk, takk.

Verkelig, altså. Vi er skikkelig glade for å ha deg tilbake.

Takk.

Eg kan nesten ikkje få sagt kor glade vi er for å ha deg tilbake.

Eg er skikkelig glad for å vere tilbake sjølv også. Hø-hø.

Å, som eg har sakna den latteren der.

Hø-hø.

Det er ingen andre som ler sånn i politikken no. Sånn uvørent og karslig. Alle andre er så ordentlige. Le litt meir då.

Hø-hø.

Å! Ein gong til!

Hø-hø.

Endå ein gong!

Hø-hø!

Og ein til!

Hø-hø.

Kan eg få ein klem?

Ikkje overdriv no. Hå-hå.

Åh! No lo du endå tøffare. Herregud, så vi har sakna deg. Folk anar verkelig ikkje for ein tøff jobb vi har, vi som skriv i avisa og snakkar om politikk i radio og tv. Det einaste vi har hatt å glede oss over dei siste månadene, er å kalle Marit Arnstad for «Prinsesse vil-ikke». Og det er ikkje det, altså. Eg synest den vitsen er like morsom kvar gong eg kjem på han, og det er ganske ofte. Men likevel, det skjer liksom ikkje noko i politikken. Alle berre driv med politikk. Alle berre driv og styrer landet og meiner ting og gjer så godt dei kan. Det er ikkje mykje artig.

Nei, det skal vere sikkert og visst.

Men no! Endelig er du tilbake. Endelig blir det litt bråk igjen.

Hø-hø.

Endelig. No blir det liv!

Hø-hø.

Rai rai!

Hø-hø.

For du har tenkt å halde fram med å seie sånne tøffe ting slik at folk blir sure, ikkje sant? Du har ikkje tenkt å bli sånn flink type som styrer landet og meiner ting og gjer så godt du kan, du også?

Eg skal provosere. Ver du trygg. Det er det Per Sandberg er best til. Eg veit at ikkje alle liker det. Men det drit Per Sandberg i.

Å! Du omtalar deg sjølv framleis i tredje person. Herlig. Det er ikkje mange som klarer å framstå som folkelig med eit såpass stort ego.

Hø-hø. Per Sandberg klarer det.

Du klarer det meste du! Å, som eg gleder meg til tida framover no. Du skal snakke rett frå levra, ikkje sant?

Hø-hø.

Skal du snakke rett frå andre organ også?

Hø-hø.

Sei noko folkelig og tøft! Kom igjen då!

Lever. Galleblære.

Herlig! Å, så godt å ha deg tilbake. Endelig skjer det noko!

Nyre. Rogn.

Fantastisk. Eg forstår ikkje korleis vi har klart oss utan deg.

Milt!

Bann litt. Ver så snill.

Faen. Kuk.

Fantastisk! Skal du drikke deg full? Ver så snill.

Hø-hø. Vi får sjå.

Blir det slagsmål?

Hø-hø. Kven veit kva Sandberg finn på.

Eg trur eg elskar deg.

Ikkje ta på meg der.

Unnskyld, eg lar meg så lett rive med.

Det er greitt.

Per. No gleder eg meg faktisk til framtida. For første gong på lenge.

Hø-hø. Det gjer Per Sandberg også.

Det viktigaste med norsk politikk er trass alt at eg og kollegaene mine ikkje kjeder oss.

Hø-hø.

Som eg skulle sagt det sjølv.

Ikkje ta på meg der, sa eg.

Sorry.


Først publisert i Aftenposten 8. februar.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49
ANNONSE