Får bildraum oppfylt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Inngangsbilletten er 2 millionar kroner.

Rallysjåføren frå Vikedal får selskap av Andreas Bakkerud frå Bergen når han går inn i det svenske rallycrossteamet Olbergs MSE. Det er verdas leiande team og held til i Nynäshamn ved Stockholm.

Det betyr at Daniel Holten går opp éin divisjon i rallycross, og skal fullt og heilt konsentrere seg om åtte løp for teamet.

Profesjonelt team

Dei to siste åra med leigd bil i EM-løp har gitt meirsmak, og han tar eit nytt steg når han skal køyre til saman åtte løp i teamet Olsberg MSE. Men det kostar når inngangsbilletten er 2 millionar kroner. Hovudsponsor er Granberg AS på Bjoa som ønskjer å profilere seg i Sverige der rallysporten har ein langt høgare status enn i Noreg.

 Dette har vore draumen min sidan eg var 16 år

— Utan denne avtalen hadde det ikkje gått å satse på denne måten. Det er eit tungt steg å ta med tanke på at vi i fjor brukte 350.000 kroner på å leige bil. Dette har vore draumen min sidan eg var 16 år, seier han.

Ved å gå inn i eit profesjonelt team som tar seg av bilen, kan Holten konsentrere seg om motorsporten, og ikkje slite vekedagar og helger på å skru bil.

LES OGSÅ:16-åringar kan køyra denne bilen

Avlar resultat

— Eg trur det vil ha veldig mykje å bety at eg kan konsentrere meg om å køyre og ikkje bruke kreftene på det andre. Det vil gi betre resultat, forklarar han.

Han har tidlegare besøkt teamet i Sverige og har dessutan køyrt to testløp for dei. Der møtte han eit heilproft team med fleire tilsette.

Han ser ikkje så stor forskjell på å køyre dei fleste løpa i Sverige samanlikna med konkurransar på Austlandet. Rallyentusiasten har satsa på Supercar dei to siste sesongane med to EM-løp per år. I alle kom han til finalen, og fekk ein femteplass og ein ellevteplass som beste plassering.

— Det viser at det er mogleg å få gode resultat, meiner han.

Han har alt vore i Stockholm der teamet presenterte opplegget for neste sesong på ein pressekonferanse.

LES OGSÅ: – Autopilot til Tesla om tre år

Rå bilklasse

Supercar er det absolutt råaste i rallycross med bilar med firehjulstrekk, 500 hestekrefter og ein formidabel akselerasjon. Teamet har eit samarbeid med Ford og byggjer Supercar-bilane med basis i ein Ford Fiesta ST. Holten skal køyre seks løp i Rallyx Supercar Skandinavia og to av elleve løp i VM for teamet.

— Eg konsentrere meg mest om dei seks løpa i Supercar Skandinavia, og det er bonus med to rundar i VM, eitt i Noreg og eitt i Sverige, seier han.

Olbergs MSE har seks bilar i teamet, og deltar med to i både VM-rallycross, Global Rally Cross og Rallyx Superstar Skandinavia.

Holten opplyser at det ikkje er utelukka at han får selskap av broren Åsmund Holten i Sverige. I så fall skal han køyre i ein mindre serie for Olbergs.

LES OGSÅ:– Kjøp russebuss utan bondeanger

Ser framover

Daniel Holten ser på ingen måte årets satsing som ein flopp, og han har ein langsiktig plan med tanke på å delta i toppdivisjonen i eit profesjonelt team.

— Eg tenkjer langsiktig over fleire år. Målet er å kome så langt som det går an. For å få det til må eg ha nye avtalar for å kunne finansiere det. No er eg glad for avtalen som er på plass med Granberg, seier han.

Holten har køyrt rallycross i fem år der 90 prosent er skruing og 10 prosent er køyring. I det nye teamet møter han ein heilt annan kvardag. I mai deltar han i det første løpet for det nye teamet i Sverige.

Les saka i Grannar!