Om Ola Borten Moe fortset som nestleiar i Senterpartiet, er heilt i det blå. Ni fylkeslag vil vrake han, men tunge Sp-bastionar kan likevel redde han.

NPK-NTB
NPK-NTB

Det kjem tydelege signal frå fylkeslaga i Østfold, Vestfold, Buskerud, Oslo, Akershus, Telemark, Finnmark, Hordaland og Sogn og Fjordane om at Borten Moe bør ut av partileiinga. Desse ni fylkespartia har til saman 120 av 307 utsendingar til landsmøtet på Lillestrøm i april, skriv Aftenposten.

Likevel treng ikkje denne mistilliten bety at løpet er køyrt for den omstridde nestleiaren.

Får han støtte frå dei to trøndelagsfylka, i tillegg til Troms, Hedmark, Oppland, Rogaland, Møre og Romsdal og Nordland, vil han ha støtte frå 136 utsendingar.

Ifølgje avisa er vurderinga av nestleiarkandidatar enno ikkje avgjort i desse fylkeslaga. Enkelte av fylkeslaga kan bli delt, og enkeltpersonar i fylke som helst ser at han trekkjer seg, kan også kome til å stemme for han, skriv avisa.

Ola Borten Moe har slett ikkje gitt opp kampen om å fortsette som nestleiar, men det som er sikkert, er at han ikkje kan fortsette som nestleiar utan tillit.

– Eg vil ikkje kunne fortsette som nestleiar utan tillit og utan at partiet vil ha meg. Eg har registrert ein god del utsegn om min person. Det må eg ta til etterretning, men det ville vere fint om ein no kunne begynne å vere for folk og ikkje imot dei, seier Borten Moe til Aftenposten. (©NPK)

Les siste nytt om Senterpartiet her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

Kommentarar

ANNONSE