Marihuana-president nominert til fredsprisen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Legaliserte hasj – Nobel-nominert

Det er ikkje første gang den no 77 år gamle presidenten har vorte nominert til Nobels fredspris. Denne gongen er han nominert av sine eigne partifeller i det sosialdemokratiske partiet Frente Amplio og ein ikkje namngitt tysk ikkje-statleg organisasjon, melder Huffington Post.

LES OGSÅ: Får nobelprisen for kamp mot kjemiske våpen

FN kritiserer
Før jul i fjor vart det Søramerikanske landet det første i verda som innførte fri cannabis, sjølv om salet skal regulerast. Det vart då lovleg med både produksjon, sal og bruk av marihuana. Målet med legaliseringa er å nedkjempe organiserte kriminelle. Og det er nettopp dette som er grunnen til nominasjonen av José “Pepe” Mujica.

The Guardian skribenten Simon Jenkins er ein annan som har teke til pennen for at president Mujica fortener fredsprisen.

Men ikkje alle er like nøgde med det kontroversielle vedtaket. FN kritiserte i fjor Uruguay for å bryte med internasjonale traktatar for narkotika, ifølgje NRK.no.

LES OGSÅ: – Nobels fredspris til EU er absurd

Målet og middelet
Mujica har vore president i Uruguay sidan han vann valet i 2009. Han har bakgrunn som geriljaleiar for gruppa Tupamaros på 1960- og 70-tallet, og har vore fengsla fleire gonger. Denne gruppa vart seinare gjort om til eit parti og leiaren Mujica har vorte svært populær blant folket.

Sjølv om landets innbyggjarar no har fri tilgang på lovleg cannabis, er det visse avgrensingar. Rusmidlane er berre lov å selje på statleg godkjente apotek til brukarar over 18 år, som har registrert seg i ein database. Kvar person kan berre kjøpe inntil 40 gram i månaden, men privatpersonar kan òg ha inntil seks marihuanaplantar heime.

Målet med den nye legaliseringa er å nedkjempe organiserte kriminelle.