Bjella opnar Øya-laurdagen
No skal Stein Torleif Bjella med sin visepsykiatri gjere det som både Knutsen & Ludvigen, Bigbang, deLillos og Tønes har gjort før han.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Han er klar til å halde den tradisjonsrike opningskonserten på avslutningsdagen til Øyafestivalen, som i år er laurdag 9. august, midt på lyse dagen.
Bjella kom med tredjealbumet «Heim for å døy» i november, som avsluttinga på ein trilogi som har gittt både Spellemann-, Prøysenpris og Bendiksenpris, så vel som fylkeskulturpris.
I år er Øyafestivalen flytta frå Middelalderparken til Tøyenparken og går føre seg frå 5. august.
Andre aktuelle artistar denne konsertdagen er Slowdive og Darkside, melder festivalen. (©NPK)
Sjå oversikt over artistane her!