Samferdselsdepartementet har fått Fyresdal-ungdom på nakken etter manglande teoriprøvesvar og brot på forvaltingslova.

Geir Ufs, VTB.no
Geir Ufs, VTB.no

I september 2011 vedtok Fyresdal ungdomsråd å jobbe for å få lagt teoriprøva til førarkort til eit lokalt offentleg kontor som til dømes lensmannsetaten. Rådet undra seg over om det er naudsynt i desse datatider å ha ei dagsreise på 25–30 mil tur retur for å avleggje prøve.

Saka vekte merksemd i media. I januar 2013 blei ungdomsrådet invitert til dåverande samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa for å snakke om saka.

– Dette er eit kreativt og konstruktivt forslag som gjer at foreldre og ungdom slepp mykje tid på køyring for å ta teoriprøvar. Ei sikker dataløysing er nøkkelen for å få til forslaget frå ungdomsrådet, sa statsråden til VTB etter møtet.

LES OGSÅ: – God ide med lokale teoriprøvar

Ta ungdom på alvor
Det fyrste ordinære Ungdomens Storting blei halde i mars i fjor. Dei 55 representantane støtta fullt ut å sende ideen frå dei unge fyresdølane vidare til Samferdselsdepartementet. Der blei det lova å jobbe vidare med innspelet.

Fyresdal ungdomsråd sende eit brev til departementet i slutten av mai for å høyre stoda i saka. Det kom aldri svar. Heller ikkje ved purring frå rådet i brev sist oktober var det livsteikn å spore frå Oslo.

– Det er merkeleg at ein offentleg etat ikkje svarar, og det verkar veldig useriøst og dumt. Ifylgje forvaltingslova har ein krav på førebels svar i løpet av ein månad, seier Christian Homme, leiar i Fyresdal ungdomsråd.

Han minner om at det dei siste åra har vore mykje merksemd på ungdom og medverknad. I desse dagar er det ute på høyring eit framlegg til lovfesting av medverknadsordning for ungdom.

LES OGSÅ: Fekk støtte for lokale teoriprøvar

– Då må ein faktisk ta ungdom på alvor og svare på skriv, seier Homme.

Han har ingen planar om å leggje saka på is.

– Det kan godt skje at me må ta ein tur til Stortinget, for denne saka gjev me oss ikkje i. Det skal ikkje vere vanskeleg å få til at ein kan ta teoriprøve på til dømes det lokale lensmannskontoret, seier ein kamplysten Homme.

I går var det ikkje mogleg å få tilbakemelding frå departementet i saka før VTB gjekk i trykken.

Les saka i Vest-Telemark Blad!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE