Vil rekruttera nye

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Å vera fagorganisert er ein tryggleik for alle yrkesaktive, men ikkje alle er like flinke til å melda seg inn i fagforeininga som famnar arbeidsgruppa ein er ein del av. Dette er noko tre ungrepresentantar frå fagorganisasjonen Delta ønskjer å setja fokus på. Asbjørg Judith Stråtveit (21) frå Aksdal, Iselin Apeland (18) frå Sand og Hanne Lillemo (21) frå Vikedal er alle påbyggstudentar ved Ølen vidaregåande skule og fagorganisert.

Viktig å vera organisert

Dei har allereie fått kvar sine verv i organisasjonen. Stråtveit er den som har vore organisert lengst med sine tre år. Ho er ungrepresentant for Rogaland, og begge Agder-fylka. Ho er også leiar for Hanne Lillemo som representerer unge medlemmer i alderen 18-25 i Nord-Rogaland, mens Iselin Apeland representerer medlemmer i same alder sør i fylket.

— Det er så mange som er opptatt av å forsikra hus, heim, eiga helse og reisene sine, men dei er ikkje like flinke til å forsikra seg på arbeidsplassen, seier Stråtveit.

Ho kan ikkje få understreka nok kor viktig dette er, og brenn veldig for at også andre skal få opp augo for viktigheita av dette. Stråtveit er også Delta sin representant i Yrkesorganisasjonens Sentralforbund (YS) og sit i representantskapet for Delta.

Er gratis

— Når ein får vera med å bestemma og å fremja nye forslag er det klart at det er svært givande. Eg har mellom anna fått vera med på å få fram Y-vegen, som er forslaget om at helsefagarbeidarar skal få gå rett inn på sjukepleiarstudiet etter læretida, utan å vera nøydde for å ta vegen innom påbygg. Denne prosessen har vore spennande, seier Stråtveit.

Mens Stråtveit sit sentralt og jobbar meir inn mot politikarane, er Lillemo og Apeland meir Delta sitt ansikt utad.

Det er så mange som er opptatt av å forsikra hus, heim, eiga helse og reisene sine, men dei er ikkje like flinke til å forsikra seg på arbeidsplassen

Dei får ansvaret for å arrangera medlemskveldar for dei unge medlemmene i organisasjonen. Dei er også med på å arrangera Delta-campar, både for regionen og for heile landet. Dette er kjekke erfaringar å ta med seg, seier Apeland som allereie har vore med på slike campar. Seinast i sommar i Lyngdal. Om ikkje lenge er det landscamp i Bergen.

— Delta er ein organisasjon med 70.000 medlemmer og helsefagarbeidarane er definitivt den største gruppa, seier Stråtveit, som har som mål å rekruttera mange nye medlemmer. Det er i denne gruppa ho og Apeland hamnar. Lillemo har utdanna seg innan Restaurant og matfag.

— Når ein er student eller i læretid er det faktisk gratis å vera organisert, det er også gratis å vera med på campar og det blir skaffa gratis skyss til alle som ønskjer å vera med, seier ho.

Skal vera lærerikt

Det skal vera lærerikt å vera organisert, og trioen fortel engasjert om livet på camp.

— Det er ganske trygt å vera student eller lærling, men når du er ferdig utdanna står du på eigne bein. Då skal du ut i verda og søkja deg jobb, selja deg sjølv som best mogeleg på jobbmarknaden. For å vera utrusta til dette brukar me mykje tid på desse campane til å arrangera diverse kurs i mellom anna jobbintervju og cv-skriving, seier Stråtveit.

Kva dei engasjerte jentene skal gjera etter påbyggingsåret, veit to av tre. Stråtveit og Apeland har begge bestemt seg for å søkja seg inn på sjukepleiarstudiet i Haugesund og Stavanger. Lillemo veit ikkje heilt kor ho landar til hausten.

Les saka i Grannar.no!