Refsar Noreg si behandling av transpersonar

Luca må la seg sterilisere om han skal få verte juridisk mann. Noreg bryt menneskerettane til transpersonar, slår Amnesty fast i ny rapport.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Amnesty refsar Noreg

– Eg ynskjer at mitt juridiske kjønn skal vere mann, men juridisk sett er eg framleis kvinne. Eg kan i teorien få bekrefta mitt kjønn, men berre om eg godtek å bli sterilisert. Dette er uaktuelt for meg, seier Luca, til Amnesty.

Luca er ein av transpersonane som er intervjua i rapporten Europe: The state decides whi I am: Lack of legal gender recognition for transgender people in Europe.

LES OGSÅ: Transformatoren

Sterilisering og psykologiske testar
Noreg og fleire andre europeiske land bryt menneskerettane til transpersonar som ynskjer å endre juridiske kjønn, slår Amnesty International fast i den ferske rapporten, som tek for seg sju europeiske land.

Ifølgje Amnesty er det rundt 1,5 millioner menneskjer i Europa som opplever å vere eit anna kjønn enn det dei er fysisk fødd som. Dei vert gjerne kalla transpersonar og vert utsett for systematisk diskriminering i møte med det offentlige, slår Amnesty fast.

Rapporten skildrar korleis Luca og andre transpersonar i Noreg må gå gjennom psykiatriske testar og kirurgiske inngrep dei ikkje ynskjer før dei kan endre sin juridiske kjønnsstatus.

– Det er forferdeleg at transpersonar som ynskjer å endre kjønnet dei vart tildelt ved fødselen møter slike invaderande, nedverdigande og umenneskelege hindringar, seier Patricia Kaatee, rådgjevar i Amnesty International i Norge, på Amnesty sine nettsider.

LES OGSÅ:Fristad for trans*ungdom

Krever lovendring
Transkjønna personar står i fare for å verte utsett for diskriminering når dei syner fram mellom anna pass der ein får namn og informasjon om kjønn, som ikkje stemmer med kjønnsuttrykket deira.

No krev Amnesty at norske myndigheiter kjem med nye lover, som gjer det lettare for transpersonar å få anerkjent sitt kjønn.

Dei vil ha slutt på kravet om irreversibel sterilisering eller andre medisinske inngrep for å endre juridisk kjønn, samt slutt på kravet om psykiatrisk vurdering og diagnose frå Rikshospitalet for å få anerkjenning av kjønn.

I tillegg vil dei ha transpersonar sin identitet fjerna frå den nasjonale klassifiseringa av psykiske sjukdommar.

– Norske myndigheiter kan ikkje setje vilkår som bryt med menneskerettane, seier Kaatee.

Lite skryt
Menneskerettsorganisasjonen har kome fram til at òg prosedyrane for å endre juridisk kjønn i Danmark, Finland, Frankrike, Belgia og Tyskland bryt med menneskerettane til transpersonar. Det siste landet i rapporten – Irland – har ingen prosedyrar på området, men planlegg å få på plass lovgjeving.

Patricia Kaatee peikar på at statleg diskriminering kan gjere det enda vanskelegare for ei gruppe som ofte har mange problem knytt til sin identitet.

– Folk vert tvunge til å ta umoglege val, og må anten godta å bli utsett for ei krenkande behandling beordra av myndigheitene, eller vert nøydd til å leve med kjønnet dei vart tildelt ved fødselen sjølv om det strir mot deira identitet og utsjånad, seier Kaatee.