Her er vinteren 24 dagar kortare
Arktiske innsjøar frys seinare og tiner tidlegare og tidlegare, viser ny studie.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sidan 1950 har vinteren blitt 24 dagar kortare sidan 1950, ifølgje ein studie ved Universitetet i Waterloo. Forskinga viser også at isen på arktiske innsjøar var opptil 38 centimeter tynnare enn i 1950.
– Me har funne at tjukkleiken på isen har minka enormt på grunn av varmare klima i området, seier Cristina Surdu, doktorgradsstudenten som har leia forskingsarbeidet.
– Då me såg tala blei med sjokkerte over dei dramatiske endringane, seier ho ifølgje ScienceDaily.com.
I undersøkinga har dei undersøkt 400 innsjøar i den nordre delen av Alaska. Ifølgje forskarane kan kortare periodar med is bidra til endå høgare lufttemperatur.