Her er dei nominerte til Uprisen

Tor Arve Røssland si bok Svarte Mathilda III er blant dei fem nominerte til Uprisen.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Elevar på ungdomsskular over heile landet har meldt og publisert over 640 meldingar av norske ungdomsbøker utgjeve i 2013. Ein nominasjonsjury på fire ungdomar fekk oppdraget med å lesa meldingane og på bakgrunn av dei velja ut dei fem nominerte bøkene.

– Det var ein krevjande prosess, men me har funne dei fem bøkene som blei best likt, seier Erlend Myhre (15) i nominasjonsjuryen.

LES SISTE BOKNYTT HER!

No skal seks juryklassar frå ungdomsskular frå heile Noreg lesa dei nominerte bøkene. I mai møtest juryklassane under Norsk Litteraturfestival på Lillehammer. Der vil ein storjury med representantar frå klassane diskutera seg fram til vinnarboka. Elevane får møte dei nominerte forfattarane og står sjølv bak utdelinga av «Uprisen – årets beste ungdomsbok» under eit større arrangement torsdag 22. mai.

– Prisarbeidet løftar ungdom inn i den litterære debatten. Stemma deira blir høyrt og det gjer «Uprisen – årets beste ungdomsbok» til ein viktig pris, seier dagleg leiar i Foreningen!les, Wanda Voldner.

Styrk Hundseid Kamsvåg ved Torstad ungdomsskole er ein av jurymedlemmane. Han tilrår Svarte Mathilda av Tor Arve Røssland.

– Eg tilrår denne boka til all ungdom som likar å lesa. Kan bli i lengste laget for dei som berre skal ha ei bok til norsktimane. Mange tenker sikkert at boka kan virka litt jentete fordi det er berre jenter i hovudpersonane, men den funkar for alle, seier han.

BOKMELDING: Svarte-Mathilda III: Mørk Mystikk

HER ER ALLE DEI NOMINERTE:
Marte Aune: May Lenda. Publica
Tom Egeland: Katakombens hemmelighet. Aschehoug
Thomas Enger: Den onde arven. Gyldendal
Hilde Hylleskaar: Det er her jeg skal være. Gyldendal
Tor Arve Røssland: Svarte Mathilda III. Samlaget

Faktaboks

Årets jury (2014):
Sør-Trøndelag: Charlottenlund ungdomsskole
Hordaland: Gimle skole
Buskerud: Gulskogen skole
Hedmark: Løten ungdomsskole
Sogn og Fjordane: Sagatun skule
Oslo: Sagene skole
Oppland. Vardal ungdomsskole

Nominasjonsjuryen bestod av:
Erlend Myhre, Frekhaug (Hordaland)
Fredrik Lura, Årdal (Rogaland)
Synne Bakke, Finnsnes (Troms)
Marianne Håkestad, Ås (Akershus)