Autoritære leikar

Tore Storehaug
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Autoritære leiarar sin moglegheit
I år er både Vladimir Putin og Alexander Lukashenko leiarar av statar som er vertskap for store internasjonale idrettsarrangement; Russland vinter-OL og Kviterussland ishockey-VM. Korleis skal vestlege demokratar stille seg til slike arrangement? Førre gong Dei olympiske leikane fann stad på russisk grunn boikotta 65 nasjonar arrangementet. Dette var i 1980, den kalde krigen var på sitt kaldaste og Sovjetunionen hadde nett invadert Afghanistan. Det er stadig færre som tek til orde for ein rein boikott av arrangementa i 2014, det er det fleire grunnar til. Idrett skal handle om imponerande idrettsprestasjonar og felles leik på tvers av nasjonar, ein boikott vil politisere dette. Betyr eit nei til boikott at ein lukkar auga mot alt som ikkje er idrettslege prestasjonar? Eg håpar svaret er nei, og at vi klarar å ha fleire tankar i hovudet samstundes.

Når norske representantar reiser til Sotsji og Minsk skal vi ikkje legge att verdiane på Gardermoen. Innbyggjarane i Russland og Kviterussland lever i autoritære regimer som bryt menneskerettane, det skal vi ikkje gløyme. I Russland fortener særleg tilhøva for homofile merksemd. Høgreekstreme grupper brukar uprovosert vold mot homofile, og myndigheitene let det heile skje. Borgarmeisteren i arrangørbyen, Sotsji seier opent at han ikkje aksepterer homofile i sin by. Sjølve OL-arrangementet i Sotsji er brukt enorme summar frå statskassa, av ein leiar med sterke autoritære trekk. Ein bruker betydelege midlar på eit slikt arrangement fordi målet er å styrke eiga stilling både internt og i omverda.

Mykje av dei same problema gjeld også Kviterussland. Alexander Lukashenko strammar stadig grepet han har om landet. Under valet i fjor visste opposisjonen at dei ikkje fekk ein fair sjanse, og følgjeleg gjekk fleire av partia ut og bad innbyggjarane koke suppe og plukke sopp heller enn å delta i valet. Det er ikkje utan grunn av Alexander Lukashenko blir kalla Europa sin siste diktator.

… også vår moglegheit
Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner har oppfordra statsminister Solberg til å reise til Sotsji, men droppe opningsseremonien. Dette fordi opningsseremonien ikkje handlar om idretten, men er arrangørane sin moglegheit til sjølvskryt er det ei god løysing. Angela Merkel, François Hollande og Barack Obama har alle varsla at dei ikkje vil vere med på opningsseremonien. Den amerikanske delegasjonen blir fylt med fleire opent homofile. Døme som dette viser at store arrangement som OL og ishockey-VM ikkje berre gir dei styrande høve til å vise seg fram, men også oss andre høve til å heve fram menneskerettane. Det håpar eg vi også gjer.