Grytten og Bjella til P2

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag endrar NRK P2 sendeskjemaet sitt, som varsla. Det betyr mellom anna at det vert verdspremiere på programmet Salongen, som har knytt til seg Odda-forfattaren Frode Grytten og visemusikar Stein Torleif Bjella frå Ål i Hallingdal.

I tillegg vert terrieren Patti fast innslag i studio.

LES OGSÅ: Poet for problema

Frå selskap til Salong
Det er mellom anna Nina Stensrud Martin, tidlegare programleiar i Radioselskapet, som skal leie samtalane i Salongenmelder Aftenposten.

Med seg på laget får ho Christine Lossius Thorin og Jørgen Strickert.

Men Salongen er langt ifrå det einaste som er nytt på programmet.

– Ettermiddagen på P2 får heilt ny profil. Endringane der er veldig tydelege. Samstundes satsar me verbalt og på fordjuping. Det nye programmet Nyhetsettermiddag byr på to timar direkte frå Dagsnytt-redaksjonen, utan musikk, opplyser kanalsjef Ole Jan Larsen til Aftenposten.

Heller ikkje i Salongen vert det mange musikalske avbrot. Det tek P2 si faste musikksending Spillerom seg av, når den no vert utvida og flytta til klokka 11.

LES OGSÅ: I traktorspora til The Clash

Kamera-tispe
Salongleiar Nina Stensrud Martin kan altså love hund og hallingdøl, men ikkje mykje musikk.

– Salongen, som programmet heiter, er inspirert av gamle dagars salongliv i Paris. Redaksjonen har forlest seg på reglane derifrå, til dømes at kunstnarar vart invitert for å teste nytt materiale. Med sendestart klokka 17 vert Salongen eit ærlig, upolert og manuslaust vorspiel til Dagsnytt 18. Og me bryt ikkje av med musikk, presiserer Stensrud Martin til Aftenposten.

Til Salongen vert aktuelle personar frå nyheitene og kulturverda invitert.

I tillegg til Grytten sin salongpoesi og Bjella sine reportasjar, får hunden Patti ei viktig rolle i sendingane.

– Patti er vår kamera-tispe. Ho skal nemleg bere eit videokamera rundt halsen, slik at ein på Itunes og NRK sine nettsider kan sjå sendingane i hundeperspektiv. Me har testa; bileta vert utruleg morosame!