Motens musikkvideo

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er dette reklame?

– Ein må gjere noko visuelt attraktivt for å verte lagt merke til og delt, seier filmvitar Anne Bachmann, som arbeidar ved Centrum för modevetenskap ved Stockholms universitet.

Ho har merka seg trenda med fashion film-festivalar som poppar opp over heile verda, både i USA, Asia og Europa.

Først ut var Fashion in film Festival i London i 2005, i 2010 kom New York Film Festival, i forfjor starta Berlin Fashion Film Festival og no i år får Noreg sin første – Oslo Trend Film Festival.

LES OGSÅ: Designa klede av lakseskinn

Stillfotografar i rørsle
Moteveka Oslo Trend, der Oslo Trend Film Festival er ein del, går føre seg frå 2. til 9. februar. Det er samstundes som nyleg nedlagte Oslo Fashion Week skulle gått av stabelen.

Til filmfestivalen har 40 filmar vorte juryert, dei fleste norske innsendte bidrag. I den internasjonale klassen har juryen sjølv valt ut kandidatar.

Under prisutdelingsseremonien torsdag kveld skal det beste som rører seg innan norsk motefilm presenterast. 

Fotograf Tor Orset er medarrangør av Oslo Trend Film Festival. Han er òg ein av mote og reklamefotografane som har byrja å lage film. 

I år har han sendt inn to eigne bidrag til den nye motefilmfestivalen. Fotografen trur at mykje av grunnen til at motefilm breier om seg, er at fotografane har tilgang til filmutstyr. I tillegg har det eit enormt potensiale for gratis distribusjon på nett.

– Motefilm er relativt nytt i Noreg, og det er diverre vanskeleg å få kommersielle oppdrag, seier fotografen.

Likevel, eit av filmbidraga hans er laga på oppdrag for Eurosko Roots. Der har han freista å tøye grensene til oppdragsgjevaren med å ha mindre produktfokus enn han fekk beskjed om. Den andre er ein film for Sva Magazine, som har ei eiga fane som heiter Sva in motion.

LES OGSÅ: Samlar seg for design i Stryn

Saka fotset under Tor Orset sin film for Sva Magazine:

Sub Radiation h264 from SVA Magazine on Vimeo.

Gamalt nytt
Sjølv om nokon synast å tru det, er ikkje mote på film eitt nytt fenomen. Allereie frå 1910 og utover var det innslag frå catwalken i dei populære filmavisene. Dette var viktig for å lokke kvinner til film og kino og klesprodusentane fekk reklame, kan filmvitar Bachmann fortelje.

Mote i rørsle – eller fashion in motion, som bransjen kallar det – har opp igjennom vore så viktig at ein attpåtil laga utstillingsdokker som kunne røre seg.

Filmvitaren ser spor av gamle tider i fleire av dei nye filmane, som gjerne har eit preg av 20- og 30-talets art deco stil og eleganse.

LES OGSÅ: Christian gjer designsuksess

Statistprodukt
I motefilm kan produktfokuset vere svært varierande, frå å spele ei hovudrolle til å nesten ikkje synast. Filmane kan vere abstrakte bilete eller fortelje ei historie. Det kan nærme seg kunstfilm eller reklame.

Der det tidlegare har vore eit usjenert kommersielt preg over filmar som syner mote, nærmar dei nye filmane seg kunstfilm og kortfilmformatet, med historieforteljing.

Store motehus har kasta seg på bølgja og samarbeidd med kjende filmregissørar og skodespelar. Døme på dette er filmen The curve of things (2011) regissert av Todd Cole for motehuset Rodarte. Stemninga er like viktig som kleda når Elle Fanning beveger seg gjennom ulike rom og antrekk.

I fjor regisserte stjerneregissør Wes Anderson saman med Roman Coppola ein reklamefilm for Prada-parfyme, som vann beste filmprisen for Best big brand under Berlin Fashion Film Festival.

Saka fortset under Wes Anderson sin film:

PRADA CANDY L'EAU from Fashion Films – Moda Filmleri on Vimeo.

– Skepsis i bransjen
Orset fortel at fleire norske designarar har oppdaga filmmediet. Han dreg fram smykkedesignar Bjørg sin film Heresy, som eit godt døme på kva ein motefilm kan vere.

Iselin Engan er ein annan norsk designar som i 2010 sjølv regisserte filmen Rend Fou.

– Det er morosamt å sjå designarar som tør å skapa noko nytt. Film er ein fin plattform der ein får musikk, bilete og mote i skjønn foreining, meiner Orset.

– Sidan me er nye i Noreg er det ein del skepsis i bransjen, folk vil sjå kva me er, fortel Orset, som kallar filmdelen av festivalen ein indiefestival.

– Eg har absolutt ei von om at dette vil føre til meir fokus på motefilm.

LES OGSÅ: Stilte i NM med mote på nynorsk

Catwalk som konsert
Motebransjen har dei seinare åra arbeidd mest med motefotografi og catwalk. At det no vert meir fashion in motion gjennom film tykkjer Bachmann er logisk, for ein får ikkje effekten av klede i rørsle med verken teikning eller foto. Det får ein berre med ein levande mannekeng.

– Levande bilete vert berre viktigare og viktigare i alle medier, slår ho fast.

Fotograf Orset trur likevel ikkje at motefilm tek over for catwalken, fordi det framleis er moro å sjå ting live. Det vert litt som å gå på konsert, medan fashion film er motens musikkvideo.

Sjå filmen Hersey for smykkedesignar Bjørg:

HERESY from Matias & Mathias on Vimeo.