Anette (16) vann junior-NM i hundekøyring

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fyrst over målstreken

Anette går på vidaregåande skule i Øystese, og er difor berre heime og trenar med hundane i helgene. Resten av veka er det far hennar som trenar dei.

– Det er så spennande! Dei må over nokre værharde fjell, og det kan skje mykje undervegs, sa Anette si mor, Annegull Børve, på telefon laurdag ettermiddag.

Ho er ute og går tur for å roa nervene medan dottera framleis er nokre timar frå mål. Sonen Jostein Børve Hernes er òg med i Femundløpet, han starta 400 kilometer i dag og fullførte første etappe som nummer 35.

Tanta til Anette, Astrid Hernes Ruud, fylgjer med Anette under løpet. Ho fortel at hundane var spreke og Anette veldig tent etter andre sekstimarspause tidlegare i dag.

– Ho gjev ikkje teten frå seg så lett no, seier ho.

Anette var med på Femundløpet i fjor også. Då kom ho på fjerdeplass. Fjerdeplass fekk ho òg under Gausdal maraton for to veker sidan. Då vann Macus Kampesveen, som Anette slo denne helga.

Femundløpet for juniorar starta i Røros fredag ettermiddag. Juniorane har hatt to obligatoriske sekstimarspausar, ein i Tufsingdalen og ein i Tolga. Når dei kjem attende til Røros i kveld, har dei køyrd 212 kilometer.

Saka var først publisert i Avisa Hordaland.